Poengdeling i lokalderbyet

NESTEN HELT: Tord Hovden var så nær heltestatus det nesten er mogeleg å komme i Florø. Han hadde to målgivande og eit annullert mål, men vart ikkje matchvinnar mot erkerivalen Førde.

NESTEN HELT: Tord Hovden var så nær heltestatus det nesten er mogeleg å komme i Florø. Han hadde to målgivande og eit annullert mål, men vart ikkje matchvinnar mot erkerivalen Førde. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Det var to opphentingar og to stolpeskot og drama mot slutten då Førde fekk med seg poeng frå Florø Stadion.

DEL

16. mai i Førde var det større skilnad på dei to laga. Den gongen la heimelaget Førde seg bakpå i frå start. Slik var det ikkje i returmøtet. Gjestane frå Førde verka å vere meir på i frå start og opna kampen friskt. Det var også Førde som skulle gå opp i føringa. Etter ein halvtime var Runar Hove uheldig og skulle klarere ballen, men trefte eige nett.

Det var likevel etter scoringa at Florø fekk opp dampen. Dei lukkast likevel ikkje å utlikne før pause.

Trappa opp i andre

I andre omgang var det eit meir aggressivt Florø-lag som gjekk på bana. Kim Vik gjekk ut og Tord Hovden fekk tillit av Rognsø dei siste 45 minutta. Heimelaget fekk ein god start. Førde la seg litt lengre bak og satsa på overgangar. Men Stefan Aase fekk Førde framover på bana igjen då han utlikna allereie fem minutt ut i omgangen.

No tok Florø over og verka å vere det laget som ville mest. Men Førde var somm alltid farleg på overgangar.

Fram og tilbake

Etter timen er Halvor Solheim-Olsen spelt fri og kjem åeline med keeper, men lukkast ikkje med avslutninga. Eit par minutt seinare er det Førde som er åleine med keeper, men Flatjord skyt utanfor.

Med 69 minutt på stadionuret er den gamle tippeligaspissen Alexander Ødegaard framme og sender Førde i leiinga. Ein lekker prestasjon som utløyser jubel mot Florøtribuna. Svaret er ikkje like lekkert. No tenner heimelaget og berre tre minutt seinare ligg utlikninga i Førdeburet. Tord Hovden leikar seg i feltet og legg ein ferdigscora ball til Halvor Solheim-Olsen som sjølvsagt står på bakerste der innlegget kjem. 2-2

Drama

Florø hadde to av dei største sjansane sine i med fem minutt igjen av kampen. Dei to innbyttarane Vegard Dyrstad og Tord Hovden stod begge i sentrum.

Først etter 85 minutt er Hovden først åleine med keeper. Returen går i vêret og Vegard Dyrstad headar på ope mål, men treff stolpen. Fem minutt seinare skyt Dyrstad i stolpen nok ein gong! No er det Tord Hovden som ekspederer. Han setter ballen i mål, men dommaren annullerer til sterke protestar.

Førde gjekk i føringa to gongar, men ut i frå avslutninga til heimelaget skal dei vere veldig nøgd med eitt poeng frå Florø Stadion. Florø fekk vist at dei har evna til å komme tilbake og fekk nok litt sjølvtillitt av avslutninga. Likevel var det eit surt poengtap føre dei knappe 900 på tribunen. Dette var ein kamp dei skulle vinne. Alt i alt er det nok Førde som har størst behov for poenga då dei har eit tøffare kampprogram i haust. André Frøyen Reksten "Super-Rex" vart kåra til banas beste spelar noko publikum sette tydeleg pris på.

Artikkeltags