Stryn 2 vart ingen match i det heile tatt, og dei oransjekledde eikefjordingane gav seg ikkje før det stod heile 9–0 på resultattavla. Håvard Mjølkeråen vart utan tvil dagens mann i bygda. Han stod nemleg for alle av dei sek første måla til laget frå Eikefjord. Marius Ghiorghita tok seg av to av dei tre siste måla. Torbjørn Endestad skåra sitt første mål på seniornivå, då han sat in 8–0 skåringa.

Kampen starta nokså open, og Stryn fekk mange bakromsballar. Marcus Toneim i Eikefjord-målet hadde derimot stålkontroll, og avverja det som kom. Deretter var det berre eit lag på bana, og Mjølkeråen avgjorde kampen tidleg.

Eikefjord leiar no femtedivisjon med to poeng ned til Tambarskjelvar, som har ein kamp til gode. Neste kamp for Eikefjord er heime mot Loen, fredag 23. august.