Maraton-fotball i Florø

TETT PROGRAM: Juniorane i Florø Fotball Anders Sørensen og Co møter Brann i NM-kvartfinalen på Florø stadion søndag. Men den kampen er berre ein av tre A-lagskampar den dagen.

TETT PROGRAM: Juniorane i Florø Fotball Anders Sørensen og Co møter Brann i NM-kvartfinalen på Florø stadion søndag. Men den kampen er berre ein av tre A-lagskampar den dagen. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Søndag vil seniorgruppa på herresida i Florø Fotball spele tre kampar på rad på Florø stadion.

DEL

- Eg ser ikkje bort frå at nokre av dei som speler den eine kampen, må vere med i den neste, fortel trenar Terje Rognsø.

Sjølve A-laget i 2. divisjon skal spele borte mot Ålgård, men det er på fredag. Kampen er framskunda på grunn av kvartfinalen i juniorcupen. Søndag er det til alt overmål tre A-lagskampar i på rappen på Florø stadion. Så for dei som er interessert i å sjå heile breidda i Florøfotballen har sjansen søndag.

12.30: Florø 3-Stryn 2 5. divisjon avd. 1

Først klokka 12.30 er det 5. divisjonskamp mot Stryn 2. Dette er Florø sitt tredjelag som leier avdeling 1 i 5. divisjon suverent. Dei har vunne elleve kampar og har ein uavgjort kamp og null tap så langt i år. Målskilnaden er 78-2 og seier sitt om at laget bør opp eit nivå.

15.00 Florø Jr. - Brann NM Cupen Jr.

Klokka 15.00 er den viktige cupkampen mot Brann. På juniorsida har Florø imponert i ei årrekke og no er det Brann sine juniorar som kjem til Florø i forsøk på å hindre Florø å nå semifinalen i cupen. Florø manglar Peter Aase på grunn av ein lyskestrekk og Kristoffer Ryland er nyleg operert etter sin skade. Men Florø har breidde og fleire som kan ta steget opp.

18.00 Florø 2 - Tambarskjelvar 4. divisjon

Klokka 18.00 speler 4. divisjonslaget mot Tambarskjelvar. Til liks med Florø 3 har heller ikkje Florø 2 tap så langt i divisjonen. Dei har vunne 14 kampar og har to uavgjort. Målskilnaden er 69-11 og dei ligg åtte poeng over Fjøra på andreplass. Det betyr at dei som sit på benken og kanskje speler i cupkampen må gå rett frå grasbana til 4. divisjonsspel på kunstgraset etter kampslutt.

Artikkeltags