Eikefjord hamna eitt poeng bak Tambarskjelvar i opprykkskampen i 5. divisjon, der bortetapet mot Selje viste seg å bli avgjerande. Marius Ion Ghiorghita sona karantene mot Selje, men no visar det seg at han kunne spelt kampen.

Mot Loen fekk Ghiorghita sitt tredje gule kort, men etter at Loen trakk laget sitt frå 5. divisjon var ikkje karantenen gjeldande lenger.

Eikefjord tok kontakt med kretsen for å få vite om kortet mot Loen blei ståande. Svaret frå kretsen var ja, som medførte at Ghiorghita vart at i Eikefjorden når lagkameratane reiste til Selje og tapte tre verdifulle poeng i opprykkskampen.

Ifølgje reglementet skal dei gule korta mot lag som har trekt seg strykast. Ghiorghita kunne med andre ord spelt kampen mot Selje.

Mr. Eikefjord, Per Øyvind Sørbø, tek det med fatning.

– Vi gratulerer Tambarskjelvar med opprykket og aksepterer at vi hamna på 2. plass. Det er sjølvsagt surt i ettertid, men vi får aldri svar på om det ville gått annleis med Ghiorghita på laget i oppgjeret mot Selje. Det har vore mange kampar i år vi kunne ha henta fleire poeng, så eg trur ikkje vi skal fokusere for mykje på det, seier Sørbø.