I dag kan dei erobre trona tilbake

Florø opplevde eit forsmedeleg 2-1-tap i førre runde mot Egersund.

Florø opplevde eit forsmedeleg 2-1-tap i førre runde mot Egersund. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Spelerane til Florø fotball er ute etter revansj når dei møter Vard Haugesund.

DEL

Spelerane til Florø fotball er ute etter revansj. Dei opplevde nemleg eit forsmedeleg 2-1-tap i førre runde mot Egersund.

Då Vard Haugesund vann mot Stord borte, klatra Haugesund-laget forbi dei blåsvarte på tabellen, og har no tatt over som laget som kan smake på opprykk til 1.divisjon. Florø Fotball er no på andreplass, og treng å ta med seg poeng heim.

Spelarane er dei på plass i Haugesund og skal spele mot Vard Haugesund klokka 16. Kampen ser du live her.

Korleis skal Terje Rognsø og hans menn klare å kjempe seg tilbake til toppen av tabellen?

– Det blir ein tøff bortekamp mot det laget som har kanskje har vist i best form og utvikling i de siste. Vi har fokus på å prestere så godt som mogeleg. Då har vi håp om både eitt og tre poeng. Vi er avhengige av å vere oppe på eit visst toppnivå no, seier trenar Terje Rognsø.

Peter Aase og Runar Hove er ute med karantene. Christer Husa og Kristoffer Ryland er framleis ute med skale.

– Eg gler meg til kampen. Vi har jobba godt heile veka, seier Rognsø.

– Styrka til Vard er at dei har jamnt gode spelarar over heile linja. Dei er rett og slett eit bra lag i år, sjølv om dei sleit litt i innleiinga.

– På bortbane er ein ofte avhengig av litt marginar, seier trenaren.

Artikkeltags