Florø 2 vann 4. divisjon

OPNA: Kim Vik scora det første målet i 1-3 sigeren borte mot Sogndal 3 i går. Allereie fire kampar før slutt har Florø vunne 4. divisjon og speler i 3. divisjon neste år om ikkje 2. divisjonslaget rykker ned.

OPNA: Kim Vik scora det første målet i 1-3 sigeren borte mot Sogndal 3 i går. Allereie fire kampar før slutt har Florø vunne 4. divisjon og speler i 3. divisjon neste år om ikkje 2. divisjonslaget rykker ned. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Frå før av har Florø 3. vunne si avdeling i 5. divisjon.

DEL

Det har lenge vore klart at Florø 2 har vore eit lag som høyrer heime på eit anna nivå enn 4. divisjon. Og i går, fire kampar før sesongen er ferdig, har Florø 2 vunne divisjonen.

Etter 1-3 siger borte mot Sogndal 3 har dei blåsvarte frå kysten ei luke på 13 poeng ned til Fjøra med fire kampar igjen av sesongen. Så om ikkje Florø sitt A-lag rykker ned i frå 2. divisjon så vil andrelaget til Florø spele i 3. divisjon og tyedjelaget i 4. divisjon neste år.

No har Florø 50 poeng. Dei har ikkje tapt ein einaste kamp, har to uavgjorte oppgjer på bortebane mot Vik og Sogndal 3, men elles har dei vunne 16 av dei 18 kampane til no. Målskilnaden på 80-12 seier sitt om kor overlegne Florø har vore denne sesongen. Neste år vil dei truleg få bryne seg mot lag i frå Møre og Romsdal i tillegg til 3. divisjonslaga i fylket. Sogndal 2, Stryn, Eid, Årdal og Tornado Måløy er laga i frå Sogn og Fjordane som speler i 3. divisjon.

Divisjonssigeren vart sikra i Sogndal 3 tysdag kveld etter mål av Kaddu Aton, Kim Vik og Dino Omerovic.

4. divisjon Sogn og Fjordane

1 Florø 2 18 16 2 0 80 - 12 50

2 Fjøra 18 12 1 5 44 - 24 37

3 Skavøypoll 18 11 2 5 39 - 24 35

4 Førde 2 18 10 1 7 48 - 34 31

5 Sandane 18 8 4 6 42 - 39 28

6 Sogndal 3 18 8 0 10 45 - 45 24

7 Dale 18 6 6 6 36 - 50 24

8 Vik 18 5 4 9 32 - 45 19

9 Tambarskjelvar 18 6 1 11 40 - 58 19

10 Kaupanger 18 4 4 10 41 - 54 16

11 Høyang 18 5 1 12 39 - 63 16

12 Årdal 2 18 3 2 13 24 - 62 11

Artikkeltags