Fana kjem til Florø for å parkere bussen

KNIPENT TAP: Florø tapte 3-2 borte mot Fana i mai. Her har Runar Hove nettopp redusert til 3-1, men trass ein sterk sluttspurt klarte ikkje Florø å berge poeng mot bergensarane.

KNIPENT TAP: Florø tapte 3-2 borte mot Fana i mai. Her har Runar Hove nettopp redusert til 3-1, men trass ein sterk sluttspurt klarte ikkje Florø å berge poeng mot bergensarane. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Fana-trenaren vil ikkje rosemale bergensarane sine hensikter på laurdag. Dei kjem til Florø på laurdag for å hente eitt poeng.

DEL

– Vi vil vere storfornøgde med eitt poeng på laurdag. Så vi kjem til å legge oss lågt og sørge for at vi dreg med like mange poeng som når kampen starta, proklamerer Fana-trenar Rune Vindheim.

Vindheim er opphavleg frå Førde og kjenner godt til kva Florø Fotball og Terje Rognsø står for.

– Eg har slått nokre tunnelar på Terje i løpet av oppveksten og vi kjenner kvarandre godt. Det Terje jobbar med er ikkje ukjent for meg og føler eg har god kontroll på kva som ventar oss. Det er eit ungt lag som har spelt mykje i lag. Dei har hatt dei same trenarane i Terje og Geir Rindheim lenge no og dei har fått Florø inn på eit veldig godt spor – og det trur eg ikkje er tilfeldig. Det arbeidast nøye og strukturert, fortel Vindheim.

Florø har presset på seg

Han er klar på at det er Florø som har presset på seg denne helga og viser til at dei går inn i eit tett kampprogram i tida som kjem.

– Florø har overraska oss, det er dei som har låge på toppen i heile år og det er dei som har presset på seg. Florø går inn i eit tøft kampprogram no og det er viktig for dei å ta poeng til helga. Dei kan melde seg på att i tetstriden, men dei kan samstundes melde seg av. Men vi er nøydd å mobilisere 110 prosent om vi skal komme derifrå med poeng, slår han fast.

Forventar det same som i vår

Vindheim beskriv Fana som ein slags «Jack of all trades» og seier bergenslaget sine styrkar er lagmoralen, fysikken, organiseringa og at dei er eit til dels er eit ballbesittande og fintspelande lag.

Sistnemnde karakteristikk innrømmer Florø-trenar Terje Rognsø ikkje er det første han tenker på når han tenker på Fana.

– Det kan godt vere dei er ballbesittande mot andre lag, men når dei spelte mot oss i Bergen så var dei i alle fall ikkje det. Då var det god gammaldags «kælke-fotball» som møtte oss, fortel Rognsø og seier han forventar eit liknande kampbilde på laurdag.

Rognsø har omsider ein skadefri tropp å plukke av, med unntak av ein langtidsskadd Kristoffer Ryland. Det er noko som gler Florø-trenaren stort ettersom det allereie søndag ventar ein ny storkamp på dei blåsvarte. For dagen etter reiser Florø til Bergen der dei møter Fyllingsdalen i 1/8-delsfinale i G19-NM.

Artikkeltags