Endeleg snudde det

ENDELEG: Då Peter Aase hamra inn eit frispark frå 20 meter etter ordre frå sjefen, eksploderte jubelen blant  florøspelarane.

ENDELEG: Då Peter Aase hamra inn eit frispark frå 20 meter etter ordre frå sjefen, eksploderte jubelen blant florøspelarane. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Det var mange letta andlet å sjå i Florø Fotball etter sigeren mot Stord laurdag.

DEL

Det var berre 310 på tribunen under kampen som må seiast å vere skuffande. For folk skulle berre visst kva dei gjekk glipp av. For som speaker Arild Melvær påpeika: "Dette var ein gysare." Ni mål og spenning i frå start av. Stord var faktisk i leiinga allereie etter tre minutt.

0-1

Fredrik Heimro skyter frå over 20 meter. Ein ball florøkeeper Robert Winogrodzki ser ut til å ha full kontroll på. Men fomlar den i eige nett.

- Det er ei tabbe av meg. Det ser ut som ballen har ein skru, men så flata den ut og eg mister kontrollen. Det er mitt mål, vedgår sistesjansen til Florø.

No vakna Florø. Dei tok kontroll og heva seg i bana. Berre 12 minutt etter opningssjokket og 0-1, får Florø straffe. Dommaren seier i frå til stordforsvaret at han ikkje tolererer halding i feltet. Men på corneren i frå venstre er stordforsvaret i ferd med å kle av Erlend Hove. Kampleiar Anders Bjerk Hansen frå Bjarg viser at han held ord og peiker på kritmerket.

Utlikning

- Det var ingen som ville ha ballen så eg gjekk berre fram, seier Stefan Aase som tok ansvar. Keeper gjekk til venstre og ballen låg heilt ute i den høgre stolperota.

- Ballen skulle inn, fortalde ein tydeleg tent nummer 99 og laga var like langt på Florø stadion.

Retta opp

Ikkje lenge etter utlikninga skulle Robert Winogrodzki rette opp tabbemålet sitt frå opninga. Målgrossisten Morten Hillestad er framme på eit hardt innlegg i frå venstre. Dei fleste såg ballen i mål, men florøspelaren med hanskar fekk ein sjanse til å rette opp inntrykket frå opninga. Den lot han ikkje passere. Han gjorde seg stor og blokkerte skotet frå storskoraren til Stord. Det var ei viktig redning. For i staden for at Stord skulle gå i føringa slo heimelaget kontra.

Bjørnar-show

I frå høgre kjem det ein hard innsvingar frå Bjørnar Hove som Vegard Dyrstad på lekkert vis setter i nettet på volley.

- Eg har fått meir speletid i det siste og merkar eg er på gang. Utruleg kjekt at eg tek vare på sjansen i frå start med scoring, seier Dyrstad. Men servitøren Hove er ikkje ferdig enno. Berre tre minutt seinare kjem nok ein kirurgisk innsvingar og den kjappe og tekniske venstrekanten Tord Hovden er i boksen. Han styrer ballen i nota med hovudet. To innlegg i frå øvste hylle og Florø leier 3-1.

- Vi har trent ein del på slike innlegg i det siste. Veldig kjekt at dei sit i kamp, seier Hove. 3-1 stod seg til pause. Dette var Tord Hovden sitt første mål for A-laget på heimebane. Balleeleganten verkar å vere i storform og er i ferd med å tette tomrommet etter Kristoffer Ryland på venstrekanten til Florø.

Dynamitt frå Husa

Andre omgang er berre fire minutt når Peter Aase held i ballen høgt oppe i Stordforsvaret. Han flikkar til Christer Husa som banker ballen mot kassa. Den går via eit stordbein, men skotet er så hardt at ballen fyk i mål.

- Alltid kjekt å score, men eg skulle hatt eit til, svarar Husa.

No trudde dei fleste kampen var kjørt, men Stord kaster alle mann i angrep for å komme tilbake. Florø er noko rufsene og utrygge bakover når Stord pressar høgt og dei lar Stord true bakrommet. Etter 55 minutt kjem innbyttar Tord Harald Skår igjennom. Han tek ballen med seg med venstre handa, men Bjerk Hansen let spelet gå. Ballen går nede i hjørnet og Stord reduserer. Stord får blod på tann og fem minutt seinare er dei heilt oppe i ryggen til Florø igjen.

Morten Hillestad hoppar elegant over og forlenger eit gjennomspel som Robert Alsaker setter høgt i buret. 4-3 på stadion og Stord-benken er i fyr og flamme. No er kampen open igjen.

"Bank den i mål!!!!"

Ti minutt igjen og Florø får frispark på 20 meter. No er trenarteamet på benken rimeleg klar for ei scoring og stallordren kjem også høglytt frå sjefen Terje Rognsø.

"Peter!, bank den i mål!"

- Terje var rimeleg tydeleg så eg måtte jo berre, sier Peter Aase. - Det er ikkje alltid han høyrer på meg, men denne fekk han nok med seg, flirer Rognsø etter kampen.

Ordre utført

For ordren vart utført med presisjon. Skotet banka han i kryssen og jubelen løsna i Florøleiren- òg på tribunen. Men Aase var ikkje ferdig. Kim Vik som fekk siste halvtimen for Vegard Dyrstad skapte mykje bry for Stord-stopparane med si løpskraft. Han vart felt på høgresida på omlag 20 meter. Alle såg føre seg at Christer Husa skulle komme over med ventreslegga si. Men superservitøren Bjørnar Hove rappar frisparket frå Husa, tek det kjapt medan Stord stablar muren sin og speler mot Stefan Aase som har løpt seg fri. Han skal til å skyte i det broren hyler i feltet. Stefan legg ut og Peter setter ballen arrogant høgt oppe i nettet. 6-3 og kampen er punktert.

Florø skulle få eit par sjansar til. Christer Husa køyrer mellom anna ein tunnel på kanten, speler vegg og kjem åleine med keeper. Ein lekker enkeltmannsprestasjon som mangla berre eit kremmerhus for å komme i glas og ramme på klubbhuset. Skotet som vart hamra med strak rist, går dessverre i nettveggen. Dette var målet Husa meinte han burde hatt. Peter Aase fekk også ein sjanse til å lage hat-trick, men treff keeper etter 93 minutt. Kampen ender 6-3 til Florø og det skulle bli med åtte kampar utan siger for dei blåsvarte.

- Det gjorde vanvittig godt. No er vi tilbake, slår Stefan Aase fast etter 6-3 sigeren laurdag.

- Endeleg

Terje Rognsø var tydeleg letta. - På 0-1 tenker eg "skal ikkje dette ende?", men så kjemper vi oss tilbake. Vi er gode og effektive og Bjørnar viser fram nokre flotte servar. Innlegga har vi ikkje vore gode nok på i år så det er kjekt å sjå at vi treffer i kamp. Men Stord er ballsikre og presser oss. Vi får 4-1 tidleg i 2. omgang, men inviterer dei inn igjen i kampen med to mål. Det skal vi ikkje gjere. Men så tek vi oss sammen igjen. Vi setter inn Kim (Vik) og Kristoffer (Book) som er aggressive på topp og rir det av. Herlig å komme ovenpå igjen, kommenterte Terje Rognsø etter kampen.

Det var tydeleg at Florøspelarane ville avslutte rekka med kampar utan siger. Simen Reksten Solheim gjekk føre i 1. omgang og viste tenning i duellane. Det same gjorde brørne Hove og Andre Reksten i forsvaret slik at den kreative krafta framme i florølaget fekk blomstre.

Bjørnar Hove spelte ein fantastisk kamp offensivt med to superinnlegg som Vegard Dyrstad og Tord Hovden tok godt vare på. Då det stod 3-1 til Florø hadde Florø berre spelt seg til tre sjansar. Peter Aase med to mål og Stefan Aase med eit viktig straffemål og ein målgivande til bror Peter, er verdt å trekke fram, samt at Christer Husa speler med fortent sjølvtillit for tida. Florø fekk berre tre poeng i denne sigeren, men likevel var dette ein lagsiger der mange spelarar fekk vist seg fram og fekk vaska ettertrykkeleg bort inntrykket av at Florø ikkje er å rekne med i haust.

Artikkeltags