Cup-eventyret over for Florø-juniorane

BAKPÅ: Då Florø fekk keeperen utvist for felling av siste mann, vart det ein anna kamp for Stefan Aase og resten av Florø sitt G19-lag.

BAKPÅ: Då Florø fekk keeperen utvist for felling av siste mann, vart det ein anna kamp for Stefan Aase og resten av Florø sitt G19-lag. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Florø Fotball sine juniorar hadde planar om å gjere det stort i NM i år. 10 minutt ut i kvartfinalekampen mot Brann rakna det.

Raudt kort

Kampen var berre ti minutt gammal då keeper Geir Stenehjem felte brannspelaren Oliver Rotihaug på veg igjennom. Regelboka er her tydeleg og Florø måtte klare seg resten av kampen med ti spelarar. Det skulle bli i tøffaste laget for Florø-spelarane, spesielt då Brann og Mathias Raum scora like etterpå. No kunne gjestane senke laget og kontrollere i større grad.

Fintspelande Brann hadde eit skot i tverrliggaren før Joachim Soltvedt sette inn 2–0 som var stillinga til pause.

Betre i andre

I andreomgang var Florø langt kvassare og kunne med litt tur scora både ein og to gongar. Men kvaliteten på den siste tredjedelen av angrepa var ikkje presis nok.

Medan Florø ikkje fekk uttelling skulle Brann-ynglingen Håkon Lorentzen trekke fram ei scoring av det spektakulære slaget. Frå 40 meter klinka 17-åringen til og ballen gjekk rett i kassa bak ein utspelt Ole Sivertsen som fekk den utakksame oppgåva å passe buret etter at Stenehjem fekk raudt kort i 1. omgang.

Dette var spikaren i kista for cup-draumen til dei blåsvarte. Dei måtte tole både 0–4 og 0–5 på tampen.

– Større sjanse i fjor

–Vi kan gå djupt ned i det meste for å prøve å forklare kva som skjer, men utvisinga gjer det vanskeleg for oss. Det var ein tøff kamp før utvisinga og det vart ikkje lettare etterpå, seier trenar Terje Rognsø. Vi er ikkje nøgd med kvartfinale. Den største sjansen var kanskje i fjor. Då tapte vi på straffer mot Fyllingsdalen etter å ha leia 2–0. I år visste vi at det ville vere tøffare. Skadar på viktige spelarar på juniorlaget visste vi ville gjere oppgåva vanskelegare, seier han.

Men Rognsø vil ikkje katastrofeforklare eit tap i kvartfinalen. Spesielt då Florø har vore i kvartfinalen tre år på rad.

– Det er klart at ser vi dette i perspektiv så skal vi ikkje grave oss ned. Det som er skuffande er at eg føler vi ikkje får ein kamp. At vi blir redusert rett etter at dommaren har starta kampen øydelegger. Det synest eg er trasig, seier han.

Då reknar han ikkje berre med spelarane og trenarteamet rundt laget.

Fortener betre

– Publikum, støttespelarar og heile apparatet som er rundt laget fortener betre. Utvisingar pregar kampar og det er lite vi får gjort noko med, seier trenaren. Men mykje i kampen gjer han også stolt.

2–0 målet gjorde at spelarane måtte fram. Då fekk Rognsø sjå spelarar stå opp og vise at dei ikkje ville gå på bana for å drive skadebegrensning.

Brann måtte sjølve vedgå at Florø køyrde kampen med ti mann heilt fram til Lorentzen setter inn 3–0. Då var det køyrt. Rognsø trur ikkje Florø vil nå kvartfinalen det fjerde året på rad. – Vi skal aldri seie aldri, men neste blir det tøffare ut frå spelarane som kjem opp, seier han.

Artikkeltags