Livvakt med unaturleg løpesett og ordførarkjede vart felt av videobevis etter å ha rana mannebarnehage i Tromsø

DEL

Trass i at kabalen som vart lagt før oppstart er blitt stokka om, har ikkje Tempopodden tenkt å kaste inn korta heilt enda I staden for å gi seg på 21 mens leiken er god, har to-kløveret i studio fleire ess i ermet og spar på med meir innhald.

Har Kristian endeleg knekt identitetskoden? Får han seg dame, eller vil han ende opp som gammal jomfru? Dagens episode byr også på korleis trumfkortet (Erlend Svardal Bøe) skal spelast for å få Erna i studio, refleksjonar rundt kvifor lyttarkonkurransen vart ein flopp, og oppsummering frå den fuktige kvelden der Benjamin fekk ein stri turn etter å ha sendt syrlege stikk på crabsticksfest med kongen av Florø Fotball. Ein tar også for seg dei nye handsreglane, og alle med hjarte for fotball som river seg i håret framfor tv-rutene, samt lokalpolitikarane som må melde pass etter at prisen på det nye rådhuset vart høyna.

I tillegg til dette, får ein svar på om Tempopodden skal gå all in i merchandisebransjen, kven som sit igjen med svarteper etter helgas fantasy-runde, kvifor ein sjølverklært boms ikkje nødvendigvis evner å vri seg unna stempelet som motebevisst, og kva for amerikanar Tempo-kapteinen faldar hendene for at skal bli president i 2021


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken