SOGN AVIS: Leilegheitsprosjektet Hodlekve Panorama er del av den enorme utviklinga i Hodlekve dei siste åra. 16 leilegheiter fordelt på fire bygg står no klare, og eit femte bygg med ytterlegare fire leilegheiter skal ferdigstillast.

Alle dei 20 leilegheitene er allereie selde, og Liv Hjørdis Ullaland (39) og Ole Jacob Endestad (43) er blant dei som har kjøpt.

Kjøpte usett

– I fjor sommar var me i kontakt med Terje Thorsnes frå Sognehus og fekk komma opp hit og sjå litt. Då stod to av bygga klare, og det var faktisk nokre leilegheiter til sals i underetasjen, men me ville ha i overetasjen. Då fekk me beskjed om å venta til neste byggjesteg, seier Liv Hjørdis.

Det varte ikkje lenge før nok leilegheiter vart selde til at dei kunne starta neste steg i byggjeprosessen.

– I slutten av juli fekk eg melding om at dei starta salet av dei komande leilegheitene, så då heiv me oss rundt og kjøpte nesten usett, ler ho.

– Me følte oss veldig trygge på avgjerda. Når me snakka med Terje, fekk me eit kjempegodt inntrykk av han som byggjesjef, og det spelte ei viktig rolle når me bur litt på avstand og ikkje kunne følgja opp dagleg sjølv.

Kortreist og snøsikkert

Det var ikkje ei sjølvfølgje at Liv Hjørdis og Ole Jacob, og dessutan dei tre borna deira, Anna (14), Magnus (12) og Ida (8), skulle enda opp med å leggja alle framtidige feriar til Sogn.

– Me er busett i vakre Eikefjord og er vande med hav og opne landskap. Å trekkja til fjellet når me har fri er noko me alltid har likt – stå på ski og gå på tur, seier Ole Jacob.

– Kvifor enda de opp akkurat her då?

– Sogndal er jo snøsikkert, og så er det ikkje så langt å køyra. Me brukar nøyaktig ein time og tre kvarter frå garasjen heime og opp hit, så det er heilt fantastisk. Me har feriert i Hemsedal og andre plassar tidlegare, men då må ein ta omsyn til ferjer og stengde fjellovergangar, seier Liv Hjørdis.

– Er de ein skifamilie?

– Ho der, seier Ole Jacob og peikar på kona, er litt meir sånn «kro og Wi-Fi», som me kallar det. Ho likar best å ta imot oss andre når me kjem inn att etter nokre turar i bakken. Eg og ungane, derimot, er veldig glade i å stå på ski.

– Eg likar best å gå turar i fjellet, så me har store planar om å vera her mykje utanom vinterhalvåret òg, skyt Liv Hjørdis inn.

Påkosta kjøken

Det er tydeleg at familien Ullaland Endestad trivst godt i panoramaleilegheita si. Ungane ligg strake ut med påskeegg og iPad på sofaen etter ein lang dag i skibakken, medan pinnekjøtet godgjer seg på komfyren.

Den opne planløysinga passar dei godt.

– Kjøkenet er vel kanskje der me har kosta litt ekstra på oss. Me valde fleire og litt andre skap enn det som opphavleg var tenkt, og dessutan andre kvitevarer, fortel Liv Hjørdis.

– Men kjøkenet er no sjølve hjartet i huset, så me vart tidleg einige om at det ville me investera meir i. Så gjorde me nokre små endringar på badet òg, ettersom me er fem stykk som skal ha skapplass.

Alt i alt er dei godt nøgde med sluttresultatet.

– Det var veldig høg standard på leilegheitene i utgangspunktet, så eg tykkjer me har fått mykje for pengane. Dei hadde berre støypt grunnflata då me signerte, så det var absolutt rom for å koma med innspel undervegs, seier Ole Jacob.

– Men når startpakka var så bra, var det nesten ikkje nødvendig. Det er jo enormt mykje å velja i, så det var deileg å sleppa å tenkja så mykje sjølv, smiler han.

Praktisk, men delikat

Både Liv Hjørdis og Ole Jacob vedgår at dei ikkje er særleg opptekne av interiør.

– Eg er meir praktisk enn noko anna, så gode løysingar var det viktigaste for meg. Me fekk god hjelp av ein kjenning som jobbar i ein møbelforretning i Førde til å plukka ut møblar som passar fint inn i leilegheita, seier Liv Hjørdis.

– Det kan heller ikkje vera for mykje nips eller store møblar som stel golvplass. Slik me har det no, tykkjer eg me har fått utnytta plassen veldig bra, seier Ole Jacob.

– Så er me nett komen i hus og har ikkje alt på stell endå. Men me hadde ikkje all verdas med tid på å bestemma oss heller. I desse koronatider har møbelbransjen fått merka konsekvensane i form av forseinkingar av leveringar og slikt. Me visste at me ville opp her i påska, så då måtte me berre velja noko, legg Liv Hjørdis til.

– Eg var redd me hadde forhasta oss litt, men det vart veldig bra til slutt.

Noko spesielt med sogningane

Faktisk var det i grevens tid dei rakk å få møblane til påske.

– Me vart førespegla at leilegheita ville vera klar til 30. april, men rundt juletider fekk me beskjed om at dei låg så godt an med byggjeprosessen at dei satsa på å vera ferdige til påske, så då innstilte me oss på det. Me fekk nøklane tysdag, og var ferdig innflytta til påskehelga, fortel Ole Jacob.

Liv Hjørdis meiner effektiviteten skuldast at det er «noko spesielt med sogningane».

– Dei er litt «på» og rir den dagen dei salar, for å seia det slik. Sunnfjordingane er gjerne litt treigare og traustare, men her er det meir action. Sogningane pratar ikkje berre om det, dei får ting til å skje, smiler Liv Hjørdis.

No gler familien seg til å ta del i det yrande livet i Hodlekve i åra framover.

– Me har høyrt mykje om påskeaktivitetane her, som når dei spelar nede på Dalalåven og grillinga på Britabu, så det gler me oss til å få oppleva, seier Ole Jacob.

– Ja, de bli ikkje kvitt oss så lett, ler Liv Hjørdis.

Påska har tydeleg gitt meirsmak på «hyttelivet».

– Her har me det heilt prima, så her blir me verande.