Lite hus, store planar: Odin (27) og Sebastian (25) vil selje mikrohus

GRÜNDERAR: Sebastian Barstad (t.v.) og Odin Karlsen presenterte planar for mikrohus ved fylkesmeisterskapet for studentbedrifter. Det slo såpass godt an at dei no ønskjer å utvide til full bedrift.

GRÜNDERAR: Sebastian Barstad (t.v.) og Odin Karlsen presenterte planar for mikrohus ved fylkesmeisterskapet for studentbedrifter. Det slo såpass godt an at dei no ønskjer å utvide til full bedrift. Foto:

Av

Høgskuleprosjektet om mikrohus vart så godt motteke at Odin Karlsen tar den med vidare til NM for studentbedrifter. På sikt vil han designe og produsere mikrohus for andre.

DEL

FIRDA: – Ideen om å utvikle mikrohus kom frå at eg har likt ideen med å leve minimalistisk. Eg var mykje på reise eit par år, og levde så å seie ut av ein ryggsekk. Eg fann ut at eg sakna det.

Det seier Odin Karlsen (27) og held fram:

– Samtidig har eg lyst å ta del i det moderne samfunn, ha ein jobb og bu i Norge. Då kom eg fram til ein mellomting: Ha eit mindre hus.

Karlsen kjem frå Oslo og er student på Førde-campusen til Høgskulen på Vestlandet. Der studerer han til bachelor som elkraft-ingeniør. Saman med to andre ingeniørstudentar leverte han ei bacheloroppgåve som la fram planar for produksjon av mikrohus.

Best i fylket

– Det første var eigentleg at eg berre hadde lyst å bygge eit slikt hus for meg sjølv. Så fekk vi høve til å definere bacheloroppgåva sjølv. Når vi første hadde høve til det, tenkte eg: Kanskje eg berre kan lage planar for mitt eige hus?

Karlsen følte at han mangla kompetanse, så han fekk med seg byggingeniør-studenten Sebastian Barstad (25) frå Levanger. Saman grunnla dei studentbedrifta Placåbo SB.

– På papiret eg er dagleg leiar, men det er ei likestilt bedrift. Det er Odin sin idé, han har litt meir interesse for business, seier Barstad.

Placåbo SB vart i mars kåra til «Beste studentbedrift» ved fylkesmeisterskapet for studentbedrifter, arrangert av Ungt Entreprenørskap. i år deltar dei også i Norgesmeisterskapet.

Forretningsideen til Placåbo SB er å produsere mikrohus, også kalla minihus. På engelsk går slike bustadeiningar under namnet «tiny house» og er knytt opp mot «The tiny house movement», ei samfunnsrørsle som fremjar ein forenkla levestandard.

– Tiny house er berre definisjon på eit ørlite hus, seier Karlsen.

Fyller krava

– Samtidig er det tett tilknyting mellom ideen om mikrohus, og å lage det på tilhengar. Ikkje at huseigaren nødvendigvis skal flytte heile tida, men skal ha eit midlertidig plassering.

– Det som er spesielt med våre hus er at dei fyller energikrava med tanke på varmeutslepp. Dei fyller krava til ein standard bustad. Så det blir rett og slett som å ha eit hus du kan flytte på, seier Barstad.

Odin Karlsen og Sebastian Barstad i studenbedrifta Placåbo SB ved HVL Førde. Dei vil leve av å designe og bygge mikrohus TAGS Sunnfjord Førde Hus og Heim Næringsliv

Odin Karlsen og Sebastian Barstad i studenbedrifta Placåbo SB ved HVL Førde. Dei vil leve av å designe og bygge mikrohus TAGS Sunnfjord Førde Hus og Heim Næringsliv Foto:

– Det er såkalla «self-sustainable» – huset har solceller på taket, moglegheit for gass, moglegheit for å kople seg på straumnettet.

Barstad viser til skildringa på nettsida til Placåbo: «Ideen er å leve kosteffektivt, fremje økonomisk forsvarlegheit og snu dagens forbrukardrive tankesett.»

Karlsen ser at bruk av gasskraft kan vekke reaksjonar, men forklarar tanken bak:

– Sjølv om du brukar gass til oppvarming og forbrenning, brukar du mindre totalt gjennom å dimensjonere ned huset. Vi har rekna fram og tilbake på det – ein ender opp med lågare klimautslepp totalt.

Heve kompetanse

Placåbo SB hadde inngått ein samarbeidsavtale med Peak Sunnfjord. Dette stoppa brått då covid-pandemien slo til. Likevel er planen å få bygd ferdig ein prototype, fortel Barstad.

– Rett etter sommaren blir det rett og slett å begynne å putte inn pengar mot prosjektet, og få starta eit aksjeselskap, seier Karlsen.

– Samle pengar, og samle materialar. Eg har jobba i byggebransjen i Oslo i seks år som elektroinstallatør, så eg har eit bra nettverk der. Det hjelper oss å få tak i restmaterialar frå renoveringsprosjekt, til dømes.

Karlsen ønskjer at produksjonen skal vere mest mogleg miljøvennleg, men ser det som utfordrande å berre halde seg til bruk av restmaterialar:

– Kvar enkel eining vi produserer skal vere etter byggestandard. Så vi må vite at vi kan skaffe same materialar til kvar eining. Tanken er å samle så mykje restmaterial som mogleg, men det må vere material som vi kan få tak i elles – frå gjenbruk eller innkjøp.

Når dei er ferdige på skulen, har både Barstad og Karlsen planar om å skaffe seg jobb i byggebransjen medan dei etablerer Placåbo som fullstendig selskap.

Odin Karlsen og Sebastian Barstad i studenbedrifta Placåbo SB ved HVL Førde. Dei vil leve av å designe og bygge mikrohus TAGS Sunnfjord Førde Hus og Heim Næringsliv

Odin Karlsen og Sebastian Barstad i studenbedrifta Placåbo SB ved HVL Førde. Dei vil leve av å designe og bygge mikrohus TAGS Sunnfjord Førde Hus og Heim Næringsliv Foto:

– Eg vil jobbe som elektroinstallatør igjen, og bruke arbeidstida til å heve kompetansen min. Det er ein god bonus med slik erfaring når vi skal begynne å produsere mikrohusa vår, seier Karlsen. Det å jobbe tett på med andre handverkarar, ser han også som eit pluss.

– Når ein er berre tre-fire stykke som jobbar i lag så ser du betre kva dei andre gjer. Du får betre oversikt over korleis alt heng saman i ein bustad.

Handverkarpreg

Å vere få som jobbar tett i lag, vil Karlsen helst halde på.

– Vi har lyst å halde det som eit relativt lite firma. Det er også ein relativt liten marknad. Så det blir ikkje nokon samlebandproduksjon. Mikrohusa skal vere etter byggestandard, men samtidig har vi lyst å få eit visst handverkarpreg på kvart hus – dei skal ikkje alle sjå heilt like ut.

Å lage unike hus krev at ein ser nøye på kva kunden ønskjer. Placåbo håpar å stille både som entreprenør og konsulent, noko Karlsen legg stor vekt på.

– Vi veit at dei som ønskjer å bu slik har lyst å gjere litt sjølv, å vere involvert i planlegginga. Difor er det viktig for oss å møte kunden – å finne ut korleis dei vil leve, korleis dei vil bruke huset. Når ein har såpass lite plass å bu, så har ikkje ein plass til det ein ikkje treng. Slikt er viktig å tenke på, elles blir ikkje huset tilfredsstillande for dei som skal bruke det, seier han.

– Mikrohus er ei løysning som treff godt hos «gjer det sjølv»-entusiastar. Tek ikkje vi høgde for det, kjem vi til å miste mesteparten av marknaden.