Lisensjegerar bomma to gonger på Fjaler-ulven i helga

FLORØ: To sjansar. To bomskot. I helga hadde lisensjegerane sin verkeleg store sjanse, men mislukkast.

DEL

Ifølgje NRK Vestland hadde lisensjegerane i Fjaler nærkontakt med ulven som i lengre tid har hatt tilhald i området Fjaler-Hyllestad. I grenseområda mellom kommunane blei det funne ferske spor fredag, og laurdag fekk ein av jegerane nærkontakt med dyret, på mellom 100 og 140 meters hald. Det resulterte i bomskot.

Dagen etter fekk jaktlaget ein ny sjanse, men også det resulterte i bom. Statens Naturoppsyn har ifølgje NRK vore på begge skotstadane og konstatert at det høgst truleg dreier seg om to reine bomskot. SNO-oppsynsmann Rein Arne Golf har ikkje funne noko teikn på påskytingsstadane som tyder på at ulven er treft og at han er skadeskoten.

Jaktlaget har hatt lisensfellingsløyve på ulven sidan 1. desember i fjor, utan å lukkast. Det var det siste snøfallet som gjorde tilhøve gode for jakt, men snøen er no i ferd med å forsvinne, og det minskar sjansane for utteljing betrakteleg.

Same helga hadde eit jaktlag i Trøndelag betre lukke med seg. Den 16. februar blei ein ulv skoten i Haltdalen, ifølgje avisa Tidens Krav. Det er tildelt tre lisensfellingsløyve i regionen Trøndelag-Møre og Romsdal, og dette er den første ulven som er teken ut på kvoten.

Artikkeltags