Refsar kommunane

Klar tale: Pasientombod Lisa Førde Refsnes meiner nokre kommunar i Sogn og Fjordane har mykje å gå på når det kjem til handsaming av klager frå pasientar og brukarar: «Vi er uroa over manglande sakshandsamingskompetanse og profesjonalitet i enkelte kommunar», skriv ho i årsmeldinga frå kontoret.illustrasjonsfoto

Klar tale: Pasientombod Lisa Førde Refsnes meiner nokre kommunar i Sogn og Fjordane har mykje å gå på når det kjem til handsaming av klager frå pasientar og brukarar: «Vi er uroa over manglande sakshandsamingskompetanse og profesjonalitet i enkelte kommunar», skriv ho i årsmeldinga frå kontoret.illustrasjonsfoto

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Pasientombodet har i si årsmelding auga spesielt retta mot kommunane.

DEL

Dei kommunale helse- og omsrogstenestene står snart for halvparten av sakene ho får inn:
«Ein kvar kommune og eit kvart helseføretak må jobbe aktivt og målretta for å handtere klagesaker på ein god måte i møte med pasientar og brukarar.»

Kommunale saker: 41 %

317 klagesaker i løpet av året (fram til 15.12), med til saman 386 problemstillingar er årets fasit. Dette er enno eit steg opp frå fjorårets 340 problemstillingar. Dei siste tre åra har talet stige med drygt 100, frå 282 i 2011.
Førde Refsnes opplyser vidare at ein ser ein auke i talet på saker som gjeld den kommunale helse- og omsorgstenesta.
«Dei kommunale sakene utgjer no 41 prosent av vår portefølje, medan spesialisthelsetenesta utgjer 51 prosent.»
Desse to er altså i ferd med å nærme seg kvarandre, sjølv om pasientombodet peikar på at det kan vere vanskelegare å klage på dei kommunale helsetenestene fordi mange i fylket vårt bur i små og gjennomsiktige samfunn.
«Dei tykkjer det er for belastande å stå i ei slik sak. Mange er redde for represalier frå det påklaga helsepersonellet i form av dårlegare pasienthandsaming(...)»

Få reserverer seg

I og med denne auken, i tillegg til at ombodet har hatt ekstra fokus på den kommunale helse- og omsorgstenesta dette året, understrekar ho sterkt viktigheita av at kommunane legg til rette for å ta i mot slike klager på ein god måte, slik at pasientar eller brukarar vågar å klage. Det meiner ho langt frå er tilfelle i dag:
«Alt for ofte ser vi at tenesteytarar i kommunane har ei uprofesjonell framferd, der dei vert personleg indignerte, går i forsvarsposisjon eller vert sinte. Vi stiller også spørsmål ved om det i enkelte saker har gått personleg prestisje i sakene frå tenesteytarane si side.»
Også debatten om reservasjonsrett for legar i abortsaker har fått plass i årsmeldinga. 22 av dei 26 kommunane i fylket har oppgitt at dei ikkje har legar som reserverer seg, og berre Høyanger og Flora har per i dag legar som reserverer seg mot tilvising til abort. Førde Refsnes sler fast at denne praksisen er liten i fylket, og seier seg nøgd med at forslaget vart skrinlagt.

Flest lege-klager

Av dei 317 henvendingane Pasientombodet i Sogn og Fjordane har fått i år, dreia 198 seg om spesialisthelsetenesta, og 159 om kommunal helse- og omsorgsteneste, medan 29 er logg førte under «anna». Av desse kom 185 frå pasientar/brukarar sjølve, medan 110 kom frå pårørande. Her er 22 registrert under «andre». 74 av henvendingane dreia seg om fastlegar i kommunehelsetenesta. Det er dobbelt så mange henvendingar her som i den nest største gruppa, ortopedisk kirurgi. Pasientombodet peikar på at fastlegen er den helsetenesta som blir nytta i størst grad av befolkninga, og at tala må sjåast i den samanheng.
Hovudårsaka til at ombodet blir kontakta, er spørsmål/mistenke om pasientskade eller -komplikasjon. Deretter kjem mangelfulle rutiner, systemsvikt og dårleg oppførsel frå helsepersonell.

Artikkeltags