Sparte Kupen mot Levanger

SKADD: Publikum ropte på Endre Kupen under Levanger-kampen, men spissen vart spart grunna ein lettare skade.

SKADD: Publikum ropte på Endre Kupen under Levanger-kampen, men spissen vart spart grunna ein lettare skade. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Dei 1500 på tribunen ropa på florøynglingen Endre Kupen til ingen nytte i fotballkrigen mot Levanger måndag. Grunnen er at spissen fekk ei kjenning i lysken og kjenner på ei skade i baksida av låret etter Jerv-kampen 2. april.

– Vi hadde Endre i oppvarming, men vi ønska ikkje å bruke han på grunn av skaden han har kjent på, seier trenar Terje Rognsø. Kupen sjølv synest det var tøft å sitte på benken. Helst ville han vore ut på graset og gjort ein skilnad.

– Hatar å sitte på benken

– Eg hatar å sitte på benken. Det er det verste eg veit, men det er nok fornuftig med litt kvile no, seier Kupen på veg inn til fysioterapibehandling tysdag.

For angrepet vart for tydeleg og kanskje litt gjennomsiktig i den andre heimekampen. Rashad Mohammed vart åleine som midtspiss og ville nok skapt meir ugagn om han hadde hatt Kupen som makker på topp og vore i ei meir tydleg rolle på kant der han kunne fått utfordre på fart.

Sjølv om grasbana i Florø var litt humpete som vårbaner flest måndag, meiner Kupen at kunstgras skulle vore forbode i norsk toppfotball.

– Gras er herleg og gir mindre skadebelastning enn kunstgras. På dette nivået meiner eg alle skulle spelt på gras. Dei klarer det i England og det er no stort sett det same vêret der borte som her, kjem det frå Kupen vel vitande om at synet hans ikkje vil få gjennomslag i fotballforbundet.  

Tilbake søndag

Kupen trur han skal kunne vere tilbake borte mot Arendal på søndag.

– Ja det trur eg. Det er nok betre å ta det litt roleg no slik at eg ikkje slår opp noko større slik at det fort blir fem-seks kampar ute, seier han.

På spørsmål om kva han synest om poengdeling er han klar.

– Eg er aldri nøgd med eitt poeng. Men slik er no eg, avsluttar han.

Artikkeltags