Vågsøy skal teste leksefri skule

Artikkelen er over 1 år gammel

I mars vedtok Vågsøy kommunestyre eit prøveprosjekt med leksefri skule.

DEL

22. mars vedtok kommunestyret i Vågsøy at ein skal prøve leksefri skule. Forslaget kom frå partiet Rødt, og fekk gjennomslag hos kommunestyrepolitikarane.
Vedtaket seier at «Vågsøy kommune startar eit prøveprosjekt om leksefri på ein eller fleire av skulane i kommunen».

Saka kom opp etter ein interpellasjon frå partiet;

– Lekser er unødvendig, urettferdig og stel ungdoms fritid. Unødvendig fordi det har lita eller inga læringseffekt. For dei som er dårlegast på skule er leksetvangen til og med øydeleggande. Lekser er urettferdig fordi karakterar går i arv når foreldra må fungere som hjelpelærarar. Og lekser stel ungdoms fritid, tid dei kunne brukt på hobbyar, fysisk aktivitet og andre ting, stod det å lese i interpellasjonen, som vart omtala i Fjordenes Tidende i mars.

Prøveprosjektet er no ute på høyring hos FAU, elevar og lærarar i kommunen. Seinare skal politikarane i Oppvekst- og kulturutvalet velje ut ein eller fleire skular og tidsrom for prøveprosjektet.

I Flora er fleire politikarar på gli i forhold til å diskutere leksesystemet:

  • Les Firdaposten sitt magasin om lekser: LEKSER

Artikkeltags