FIRDA: Klokka 19.55 søndag kveld melder politiet at dei leitar etter ein sakna mann i området Ragnarrud og Krokane utanfor Florø.

Mannen er dement, og er truleg ute og går. Han vart sist sett i heimen sin kring klokka 18.15.

Han er skildra som noko lut i ryggen, kring 170 cm høg, og han bruker briller. Han har truleg på seg ein mørk blå ytterjakke og ei blå skyggelue.

Litt seinare melde politiet at sakna har blitt funnen av ein nabo ikkje så langt unna heimen. Mannen var i god form.