Redningsmannskap frå Florø er framme i Førde

Mannskap frå Sivilforsvaret i Florø er framme på leiteområdet.

Mannskap frå Sivilforsvaret i Florø er framme på leiteområdet.

Artikkelen er over 4 år gammel

Stor leiteaksjon etter ein mann i 70-åra.

DEL

Ein mann i 70-åra har vore sakna frå heimen sidan torsdag klokka 15.

Politiet har i samråd med famillien gått ut med namn på den sakna og vil gjerne ha tips frå personar som kan ha sett han.

Mannen heiter Kurt Erland.

(Teksten held fram under bildet.)

Sakna i snart eitt døgn

Han forlot heimen i Angedalsvegen torsdag, skriv Firda.

Han hadde truleg på seg ei brunruta jakke, grått skjerf og kvit hue med brun kant. Han skal ha sykla frå heimen.

Sykkelen hans vart funnen klokka 07.30 fredag morgon ved Soleide i Førde. 

– Soleide er eit populært turområde med mange stiar. Politiet er interesserte i å komme i kontakt med personar som har ferdast i dette området etter klokka 15 torsdag, seier operasjonssledar Trond Hatlenes ved Vest Politidistrikt.

Har du tips i saka, ta kontakt med politiet på 02800.

Klokka 12 i dag blei turområdet Soleide-Viefjellet sperra.

- Det gjer vi for å beskytte eventuelle spor. Går det sivilistar inn i området no, kan dei sette av luktspor som kan forvirre hundane som blir brukt i søket, seier innsatsleiar Øyvind Olsen i politiet til Firda.

Kalla inn i morgontimane

Sivilforsvaret i Florø blei kalla inn klokka kvart over åtte fredag morgon. Dei er no framme på leiteområdet.

Artikkeltags