Vest Politidistrikt melder på Twitter at dei sett i verk leiteaksjon etter to gutar på åtte år som har vore borte sidan klokka 15.45.

Dei er sist sett ved Amfi-senteret i Florø.

Den eine er skildra som ca. 130 cm høg, og har mørkt, kort hår. Han er kledd i oransje fleecegenser og går joggebukse.

Berre få minutt etter Twitter-meldinga kom heldigvis ein ny melding om at barna har kome til rette, og leiteaksjonen er dermed avblåst.