FIRDA: Operasjonssenstralen i Vest politidistrikt melder torsdag klokka 21.30 om ein leiteaksjon etter ei 19 år gammal kvinne i Førde.

Oppdatert: Politiet melder klokka 22.10 at dei er i kontakt med den sakna kvinna. Ho er i fin form og uskadd. Leiteaksjonen er avslutta.

Leiteaksjonen vert leia og koordinert av Vest politidistrikt.

Kvinna som det blir leita etter kom ikkje heim etter endt arbeidsdag på sjukehuset i Førde, og frivillige er no kalla ut for å bistå i søket.

Operasjonsleiar Stein Rune Helleraker fortel til Firda klokka 21.26 at kvinna er ikkje kom heim til avtalt tid etter enda arbeidsdag, og at ho har vore sakna sidan 15-tida.

– Ho var sist sett på sjukehuset i dette tidsrommet, seier Helleraker.

Han fortel at kvinna hadde ein bil til sjukehuset, og at denne også vert leita etter av politiet, då den heller ikkje er lokalisert.

– Vi har no oppretta eit hovedkvarter for leiteaksjonen på lensmannskontoret i Førde, og det er no sendt ut frivillige frå Røde Kors, Norske redningshundar og Norsk folkehjelp, seier Helleraker, som ikkje per no har talet på kor mange som er kalla ut.