På Twitter melder politiet at ein mann i 20-åra er sakna etter at han drog ut for å dra teiner i 16-tida fredag.

Mannen var då aleine i ein båt på 20 fot, med påhengsmotor.

No leiter kystvakta, redningsskøyta, redningshelikopter, mannskap frå Røde Kors og brannbåt m/dykkarar etter mannen i området mellom Skatestraumen og Risøya i Fåfjorden.

– Vedkommande skulle ut og dra teiner i området mellom Skatestraumen og Risøya, i Fåfjorden, seier Eric Willaisen ved Hovedredningssentralen på Sola til Måløy24.

Det er hovudredningssentralen som koordinerer søket.

– Familien har prøvd å komme i kontakt med vedkommande per telefon, men får ikkje svar. Det skal dreie seg om ein mann i 20-årene. Meldingane vi har fått er at vedkommande skulle trekke teiner i området rundt Risøyna. Det blir nå søkt i med utgangspunkt i denne meldinga, seier vakthavande Frode Kolltveit ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt til Måløy24.

Berre minutt etter politiet gjekk ut med saknameldinga, melde dei at mannen var funnen.

- Redningshelikopteret har funne mannen ved Skorpeholmane. Han verkar å vere i god form og er tatt om bord i Kystvaktskipet. Det skal ikkje vere behov for legetilsyn, skriv Firda.

Ifølgje politiet skal båten ha kantra.