Leif Stavøstrand og Evoy har hatt ei fantastisk reise sidan oppstart i 2018. Gründerbedrifta frå Florø, som lagar elektrisk framdriftssystem for fritids- og arbeidsbåtar, har allerede rukke å vinne stor annerkjenning og ein rekke prisar.

– No er neste trekk at Stavøstrand skal i elden på ein av Norges største og mest profilerte konferansar, nemleg NHO sin årskonferanse.

Det melder NHO Vestlandet i ei pressemelding.

På konferansen får han følge av statsminister Erna Solberg, Skottlands førsteminister Nicola Sturgeon, konserndirektør i World Econmic Forum; Murat Sönmez og omkring 1300 bedriftsleiarar, leiarar i offentleg sektor, akademikarar og toppolitikarar.

– Korleis skal vi ta dei beste vala for framtida? NHO sin årskonferanse 2020; «Neste trekk», vil vise kva moglegheiter som ligg framfor oss. Vi skal overlate ein bærekraftig planet til kommande generasjonar. Klimaendringane krev storstilt innsats. Bedriftene er ein avgjerende del av løysinga på dei globale utfordringane. Evoy har mål å eliminere utslepp frå båtar, og representerer ein del av løysingane vi treng, meiner NHO.

– Stavøstrand har allereie bygt opp ei lokal, høgkompetent bedrift med grøne arbeidsplassar. No er målet å erobre verdsmarknaden. Kanskje er nettopp Evoy eit godt eksempel på det som er Norges neste trekk?, skriv NHO i pressemeldinga.

2019 har vore eit eventyrleg år for Evoy. Prototypen Evoy1 vart sjøsett i sommar, og døypt av statsminister Erna Solberg i Florø. På hausten tok Stavøstrand verdsrekord med Evoy1 på Florevika, då båten vart verdas raskaste serieproduserte elbåt.

I tillegg har dei vunne fleire prisar i år. I vår vann dei Sogn og Fjordane fylkeskommune sin klima- og miljøpris for 2018. Så vann dei Spirprisen for grønn teknologi, deretter startupkonkurransen 100 Pitches under DNB NXT-konferansen, og prisane «Best Hardware Startup Norway» og «Best Newcomer Norway» i Nordic Startup Awards.

Og no i desember har Evoy lukka sin andre emisjon for året, og har henta inn 18,6 millionar kroner i soft og hard funding, ifølge NHO.