Glimt av farne tider

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LeiarLeiar for fastlegane i Bremanger, Kan Shanker, krev at eit eit samrøystes kommunestyre seier nei til kommunereformsamtalar med Flora og Vågsøy. Samstundes slår han fast at dersom det ikkje skjer, så kjem dei til å slutte å anstrenge seg for å skaffe ein femte fastlege i kommunen. Dette er naudsynt for å få til ei meir slitesterk lokal legevaktordning.

På toppen av det heile serverer allmennlegeutvalet i Bremanger ei gulrot. Dersom lokalpolitikarane er lydige, så garanterer dei å kunne skaffe den femte legen via legenettverket sitt. Utspelet gir assosiasjonar til farne tider, då det var god folkeskikk å bukke og neie når ein traff både lækjar, lensmann, skulemeister og prest. Men det er nok mangfaldige tiår sidan desse profesjonane hadde så mykje makt og status i samfunnet. Det betyr ikkje at deira funksjon i samfunnet ikkje er viktig lenger, men vi har fått eit meir likeverdig samfunn og har utvikla demokratiske spelereglar.

Almennlegeutvalet i Bremanger sitt ultimatum til politikarane vitnar om ein reell kulturkollisjon.

Det er særleg dei demokratiske spelereglane allmennlegeutvalet utfordrar. Ordførar Audun Åge Røys karakteriserer utspelet for politisk utpressing og valeekspert Knut Henning Grepstad slår fast at eit slikt ultimatum til dei folkevalde undergrev folkestyret og er fullstendig uakseptabelt. Han viser elles til at legane faktisk er tilsette i kommunen, som har arbeidsgjevaransvaret. Ingen bør ha ein posisjon der dei grip inn i avgjerdsprosessen i lokaldemokratiet.

Vanskane med å rekruttere fastlegar til distrikta gir dei etablerte legane i kommunen ein heilt reell sterk maktposisjon og det gjer det ikkje lett for kommuneadministrasjonen å utøve sitt mynde i denne saka. Men å gå så langt som lege Kan Shanker og almennlegeutvalet gjer, det vitnar om ein reell kulturkollisjon. Ved eit tidlegare høve krevde Shanker at ordførar Røys måtte avsetjast på grunn av at han viste vilje til samtalar med nabokommunane i reformprosessen. Eit slikt reaksjonsmønster høyrer ikkje heime i vårt demokratiske system.

Brimangr?

Brimangr er det tilnærma norrøne namnet på Bremanger. Dersom Stadnamnnemnda og Kartverket vil halde på tilnærma norrøne namneformer på Kollsete og Hornskor, kvifor ikkje gjennomføre det 100 prosent? Brimangr er absolutt eit aktuelt alternativ i desse reformtider.

Artikkeltags