Viktig dugnad på Sørstrand

Av
Artikkelen er over 10 år gammel
DEL

Leiar Nordalsmarka velforeining, med Magne Hovland og ei rekkje andre eldsjeler i spissen, har allereie lagt ned mange dugnadstimar på Sørstrand. Målet er å utvikle det folk i Florø har sakna i årevis: Eit nokolunde tilrettelagt område for bading og rekreasjon for byens innbyggjarar. Sjølv om ting er eit stykke frå fullføring, fortener initiativtakarane ros for å ha gitt gass og faktisk kome i gang med utbygginga. Ros fortener også grunneigarane i området, som utan motkrav har sagt ja og vore positive til badestrand. Prosjektet har hatt ein lang og trong fødsel. Fleire gonger har lokalitetar vore utgreidde, og det har jamvel vore samla inn midlar til arbeidet, utan at noko har skjedd.

No er valet gjort, prosjektet rullar, og kor fort det vil rulle, avheng av to ting: evna til å samle inn midlar i ein noko tørr og finanskriseråka sponsormarknad, samt folk sin vilje til å ta på dugnadshanskane. Slik stoda er no, blir det siste punktet kanskje endå viktigare enn om ein gjekk laus på prosjektet for berre eit år eller to sidan.

Vi har ved tidlegare høve tatt til orde for ei anna lokalisering for ei slik satsing enn det som no er valt, nemleg Leira i Brandsøy. Samtidig set vi vår lit til at utbyggjarane har kartlagt og utgreidd dei ankepunkta som før har vore reist mot Sørstrand som satsingsområde - nemleg dei tidvis svært verharde omgjevnadene. Med bygging av vollar til ly for ver og vind vil vonleg området fungere også på dagar der sola ikkje skin frå skyfri himmel og havet ligg heilt spegelblankt. Slike forhold er vi som kjent ikkje bortskjemde med i byen vår.

Det beste argumentet for valet av Sørstrand er likevel nærheita til sentrum. Om kort tid vil folk få tilgang til eit badeområde som dei aller fleste kan nå til fots eller på sykkel på mindre enn eit kvarter; eit stort miljøpluss, samanlikna med andre aktuelle lokalitetar som t.d. Leira i Brandsøy. Vi håpar byens folk og bedrifter ikkje let Nordalsmarka-gjengen ta heile dugnadsløftet åleine. Dette er eit prosjekt for heile byen - og bør såleis realiserast gjennom at heile byen deltek - anten det er med handemakt og dugnadsinnsats eller i form av å yte ein økonomisk skjerv.

«Vi håpar heile byen tek eigarskap i dugnadsprosjektet på Sørstrand.»

Artikkeltags