Tør ikkje tirre bjørnen

Artikkelen er over 13 år gammel
DEL

Leiar Statsminister Jens Stoltenberg trur på ei snarleg løysing på russarane sin importstopp i Norge etter eit møte med Russlands statsminister Mikhail Fradkov onsdag. Bakgrunnen er at russarane påstår å ha funne restar av kadmium og bly i norsk laks. Torsdag inspiserte den russiske veterinærdelegasjonen Ewos-fabrikken i Florø og Havlandet Forskningslaboratorium. Gruppa skal gjennomføre inspeksjonar ved setjefiskanlegg, matfiskanlegg, fôrfabrikkar, slakteri, pakkeri og laboratorium langs kysten frå Nordland til Hordaland.

Då vi kontakta Ewos for å få vere til stades for å dekke hendinga torsdag, fekk vi melding frå fabrikkleiinga at vi gjerne kunne komme, men at Mattilsynet hadde signalisert at dei ikkje ville ha presse til stades. Då vi stilte spørsmål om hemmeleghaldet til regiondirektør Roald Vaage i Mattilsynet, fekk vi den motsette versjonen, vi måtte ta kontakt med Ewos for å få tilgang til fabrikken. Han viste til at Mattilsynet er vertskap for tre russiske vetererinærar som i god russisk tradisjon ikkje ønskjer å ha kontakt med norsk presse.

Dette ser vi på som både uhøfleg og lite respektfullt av den russiske delagasjonen. Dei er gjester i Norge og burde tilpasse seg vårt samfunnsystem i tråd med det. I staden møtte NRK og Firdaposten berre det norske Mattilsynet i pressekonferanse torsdag, som sjølvsagt ikkje kunne uttale seg på vegner av russarane. Dei skal ikkje ha funne noko klanderverdig, men har uttalt at dei er imponerte og har lært mykje om korleis det blir jobba med norsk matvaretryggleik. Tidspunkt og stad kunne neppe ha vore betre, med tanke på skandalen med giftig sognemorr og at Ewos i fjor produserte eit parti laksefôr med høge kadmiumverdiar etter import av eit sulfatparti frå Kina.

Det norske systemet er ikkje feilfritt, og den russiske delegasjonen fekk ei innføring i norsk internkontroll og korleis feil blir handtert og korrigert – i full offentlegheit. Interessa for det russiske besøket har vore liten, både frå media og fiskerinæringa - av to grunnar. Lakseprisen har gått til himmels, og eksportørane slæst om å få fatt i nok fisk. Den andre grunnen er at den russiske importstoppen på fersk fisk ikkje betyr noko som helst, sidan russarane med den andre handa tek imot frosen norsk fisk i store mengder. Så vidt vi veit forsvinn verken kadmium eller bly ved å fryse fisk. Importstoppen og det politiske og diplomatiske oppstyret liknar mistenkeleg på spel for galleriet. På lik linje med vår gode venn USA opptrer dei store nasjonane reint proteksjonistisk innan handel og rappar ein liten oskeladd-nasjon over fingrane akkurat når det måtte passe slik. Då må vi liste oss stilt på tå for ikkje å tirre den russiske bjørnen.

Den russiske veterinærdelegasjonen opptrer både uhøfleg og lite respektfullt.

Artikkeltags