Tysdag kveld snakka spesialpedagog og foredragshaldar Oddvar Bjørnestad frå Bergen seg god og varm i Flora samfunnshus om sine erfaringar med å oppdra barn og ungdom. Foreldreutvalet (FAU) ved Flora ungdomsskule hadde invitert Bjørnestad til å snakke om «Å oppdra tenåringar er ingen jobb for pyser». Eit prisverdig og flott tiltak. Dei aller fleste av oss er i den berømte tidsklemma og jobbar hardt for å bli vellykka også som foreldre. Då kan det trengast gode råd. Bjørnestad har lang erfaring med å ta seg av dei unge i Bergen som verkeleg har hamna på sidelinja. – Kva gjer vi med dei som er 40 år i auga, medan det står 14 år på dåpsattesten? Bjørnestad sine svar er enkle, men ikkje alltid så lette å setje ut i livet. Vaksne skal bestemme over barn, og det handlar om å bry seg.

– Dersom barn får problem, er det dei vaksne som må ta seg saman, var ei av spissformuleringane frå Bjørnestad. Han poengterte sterkt at dei vaksne må setje barna sine behov framfor sine eigne dersom det buttar imot. Ein må vere til stades i kvardagen og ikkje overlate ungane til media sine skeive og unormale forbilde. Bjørnestad meiner at vaksenrolla er i krise. Dagens vaksne vil vere evig unge, kjappe og kule. Viss mor skal vere venninne med dottera, kven skal då vere mor? «Kule» vaksne er det verste, då ler dei unge av deg bak ryggen din.

Bjørnestad sine råd kan verke sjølvsagde. Viss nokon skal få vere barn, må vaksne vere vaksne. Barn treng grensesetjing for å kjenne omsorg. Dei vaksne må vere truverdige og halde det dei lovar. Og det krevst humør, engasjement for å lukkast. Innlysande og sjølvsagt kanskje, men krevjande å gjennomføre.

Vi er ikkje særskilt bekymra for «prestasjonane» til dei foreldra som sat i salen denne kvelden. Derimot er vi langt meir bekymra for ungane til dei foreldra som aldri møter opp på slike møte. Dei foreldra treng Bjørnestad sine råd aller mest. Korleis skal ein greie å få dei ressurssvake foreldra i tale? Der ligg den verkeleg store utfordringa.