Nye mål for Mållaget

Av
Artikkelen er over 8 år gammel
DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Leiar - Målfolk er glade, smilande, positive og konstruktive. Denne påstanden kjem frå eidaren Håvard B. Øvregård (34), som i helga blei valt som ny leiar for Noregs Mållag. Ifølgje Nationen vil den nye leiaren prøve å knuse det rådande synet der målfolk og målsaka ikkje blir kopla til pluss-adjektiva nemnt i starten, men heller blir forbunde med noko gammalt og negativt.

I så fall har Øvregård eit ambisiøst mål, men også ein rett strategi for arbeidet han no skal i gang med. Sjølv om også Mållaget har endra karakter og i mindre grad enn tidlegare blir sett på som surmulande minoritetsforkjemparar som føler seg diskriminerte, så heng det framleis att eit bilete av det konserverande og gammalmodige over målforkjemparane. Å ta endå fleire steg bort frå dette fortidas bumerke, er rett tenking.

Men det står framleis eit godt stykke arbeid att for å nå heilt fram til det som må vere målet: Å fremje nynorsken som noko spenstig, spennande, gjerne litt mystisk og som språket for individualisten som vågar bruke målet som ein medviten del av å marknadsføre kven ein er og kva ein står for. Her har ikkje Mållaget nådd fram godt nok. Ein av grunnane er kanskje at rørsla har hatt meir enn nok med å kjempe med ryggen mot veggen i den evigvarande sidemålsdebatten. Slik stoda er i dag, har truleg kulturaktørar og humoristar som Radio Røynda-gjengen med Finn Tokvam i spissen, gjort meir for å marknadsføre nynorsken som noko positivt, enn kva Mållaget har makta med meir konvensjonelle midlar, basert på faglege og politiske argument.

Vi er ikkje i tvil om at framtidas nynorskbrukarar må vinnast, ikkje tvingast. I ei verd der vi er dømde til fridom på snart alle arenaer, har vi lita tru på at noko så fundamentalt som korleis vi vel å uttrykke oss i skrift, skal stå att som den siste bastionen for tvang og pålegg. Anten det er snakk om nynorsk eller samisk, så vil målforma og språket overleve gjennom menneske som aktivt brukar det fordi det fell naturleg. Sjølvsagt må retten til å lære framleis kjempast for, og språkleg diskriminering må bort. Men om det framleis blir hovudfokus, er det lite foreinleg med målet om å fremje nynorsken med meir smil og positiv galskap.

«Framtidas målbrukarar må vinnast, ikkje tvingast.»

Artikkeltags