Ny veg gir ikkje Solar-fabrikk

Av
Artikkelen er over 10 år gammel
DEL

Leiar Kampen for nye og framtidsretta arbeidsplassar i Svelgen innan solcelleindustrien er av mange utpeikt som det viktigaste industriprosjektet i Sogn og Fjordane dei komande åra. Så langt har Elkem Bremanger måtta stå på ventelista. Elkem-konsernet har konsentrert seg om Fiskå, og trinn ein og to i metallkonsernet si sol-satsing har til no kome sørlendingane til gode. Men det vil kome fleire fabrikkar, og håpet er sjølvsagt at det ved neste korsveg skal vere Svelgen sin tur.

Mange har meint mykje om korleis Bremanger kommune, fylkeskommunen og andre interessegrupper kan lobbyere og arbeide for Svelgen-kandidaturet. Ei sak som har fått mykje merksemd i media siste året, er ny og/eller utbetra veg mellom Svelgen og Grov. Skal ein sikre god logistikk og få folk interesserte i å kome til Svelgen for å arbeide, må kommunikasjonane til og frå industribygda bli betre, er omkvedet.

Det kan så vere. Men det uroar oss at vegsaka så til dei grader har dominert vinklingane, utspela og synspunkta det siste året. Vi meiner kommunen, fylkeskommunen, Svelgen Utvikling og andre aktørar skal passe seg vel for å gjere vegsaka til eit vere eller ikkje vere for ei mogleg Elkemsatsing. Rett og slett fordi det ikkje er sanninga.

Ser ein mot andre industrisamfunn i fylket, har gode kommunikasjonar slett ikkje vore fellesnemnaren. Ta til dømes Årdal, som ikkje fekk heilårs vegutløysing til eige fylke før langt ut på 1980-talet. Då hadde ÅSV og Hydro i mange tiår investert i det eine hundremillionarsprosjektet etter det andre. Og det utan å streve nemneverdig korkje med vare- og råstoff-flyt eller tilgang på kompetent arbeidskraft.

I seg sjølv er kystvegen eit godt prosjekt, også den delen av planane som omhandlar Svelgen-Grov. Men å tru at dette vil vere avgjerande for om Elkem vel å satse eller ikkje, det er i beste fall blåøygd. I staden for å jakte på samferdsleminister Navarsete burde driftige svelgarar byrje å vri noko av lobbyarbeidet over på andre departement. Sentrale spørsmål om gode og langsiktige kraftavtalar er vel så viktig, det same er god nettverksbygging innover i Industri- og næringsdepartementet.

«Det kan vere eit farleg spel å knyte for tette band mellom ny veg til Svelgen og ei framtidig Solar-satsing.»

Artikkeltags