Gå til sidens hovedinnhold

Maskepi om lokalsjukehus

Artikkelen er over 13 år gammel

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Sist laurdag gjekk gruppeleiar i Flora Høyre, Berit Seljeseth Osa, ut i Firdaposten og etterlyste dokumenterte rekneskapstal om sjukehusdrifta ved Nærsjukehuset i Florø. Dette har vi i lokalpressa etterlyst gjentekne gonger. Dei einaste gongene det er råd å få ut kvalifiserte tal og evalueringar av sjukehusdrifta, er når uavhengige instansar har gjort sine analysar. Og då har det vist seg fleire gonger at sentralsjukehuset ikkje kjem særskilt godt ut av det.

Det mest interessante er korleis tal og konklusjonar blir brukte av ulike interesser. Då SINTEF-rapporten om Nærsjukehuset kom, vinkla Førde-pressa på at «SINTEF slaktar drifta av Nærsjukehuset». Det som eigentleg står i rapporten var: «Helse Førde som eigar har verken vist vilje til nyskaping eller kunnskapsproduksjon i nærsjukehuset.» Med andre ord, Helse Førde har inga positiv interesse i at pilotprosjektet skal lukkast. Dei tilsette har gjort sitt beste med små ressursar, men har små mulegheiter til å lukkast. Når Helse Førde nedprioriterer avdelinga, går det ut over kvaliteten, og folk si tiltru til Nærsjukehuset forsvinn gradvis.

Førre veke opplevde vi eksempel på eit Helse Førde som brukar utvalde delar av pressa. Styreleiar Clara Øberg meiner at det er OK å handsame redaksjonane i fylket ulikt, og ho ser ingen grunn til å beklage at tilsette ved Nærsjukehuset får servert nedlegging av arbeidsplassane via nyheitene. At ei forstyrra sjel via e-post har bedd ho ryke og reise, blir brukt for alt det er verdt i delar av pressa. I tillegg blir den berømte partipisken i Ap brukt for å kneble Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal frå å gjere jobben sin, nemleg å vere talsmann for Flora-samfunnet.

Reknestykket om sparing/ikkje sparing er eigentleg veldig enkelt, dersom ein legg til grunn at pasientane ved Nærsjukehuset faktisk har rett på behandling i helsevesenet. Dess fleire senger som blir lagt ned ved eit lite og effektivt sjukehus, dess større blir underskotet når dei same pasientane skal få hjelp ved eit sjukehus som er langt dyrare i drift. Kampen her handlar langt mindre om sjukehusøkonomi enn om å få til ei sterkare sentralisering i fylket.