Kva no, Svelgen?

Av
Artikkelen er over 11 år gammel
DEL

Leiar Firdaposten er i gang med ein artikkelserie om Svelgen og Elkem. Den fortel m.a. at Svelgen-samfunnet er skapt av vasskraft og flinke hovud og hender. Det er også dette som vil halde samfunnet levande i dei komande tider. Utan rimeleg kraft er det små sjansar for smelteverksindustri i Svelgen og Norge. Og utan noko av den pionerinnstillinga og oppfinnsamheita som skapte dette samfunnet, er det vanskeleg å klare seg mot store konkurrentar ute i verda.

Med denne kunnskapen i mente må vi sjå på kva styremaktene kan gjere. Politikarar kan som regel ikkje utvikle næringsliv. Der er for mange eksempel på det motsette. Men gode politikarar ser kva infrastruktur og andre grunnleggande føresetnader som trengst for at næringslivet sine folk kan få det til. Metallurgisk industri treng mykje energi, og eit industrikraftregime er i ferd med å komme på plass. Men då må ikkje samfunnet legge slike kostnader på transporten av kraft at Elkem må pakke saman i Svelgen. 420 kV-linja som er planlagt gjennom vårt distrikt, kan fort bli ei ulempe i staden for ei nytte. Blir linja ein del av det regionale nettet, gir det ein kostnadsauke på 70–­80 prosent eller meir. Det må ikkje bli slik at dei som skal skape verdiane, også må bere ein stor del av ulempene. Slike transportvegar må bli ein del av det sentrale nettet og kostnadene delast der. Elles er vi redd at det ikkje blir solar-produksjon i Svelgen.

Gode vegar er heilt avgjerande for at samfunn som Svelgen kan trivast og bestå; og ikkje minst vekse. Her må vi tru på større trykk i vegbygginga enn vi har sett hittil. Bremangersambandet må på plass i nær framtid, slik føresetnaden var. I revidert nasjonalbudsjett fekk vi ingen positive signal, heller tvert om. Det må også byggast betre vegar mot sør, slik at Flora-Bremanger-Vågsøy langt på veg kan bli eitt arbeidsområde. Det må til for å sikre fagfolk til ulike delar av eit variert nærings- og arbeidsliv. Ideen om ein tunnel mellom Indrehus og Rise bør haldast varm. Aller best er det å ha innslag i Haukå og unngå Magnhildskaret. Dei som brukar vegane betaler i reine avgifter tre gonger det dei får att, så her er midlar nok, også utanom oljefondet.

«Dei som skal skape verdiane, må ikkje tole alle ulempene»

Artikkeltags