Gå til sidens hovedinnhold

Kreativ rekneskapsføring og sjukehusdrift

Artikkelen er over 13 år gammel

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Det har lukkast Berit Seljeseth Osa å få ut ein del tal som viser korleis Helse Førde fører rekneskap over drifta i Florø. Der er det eit mønster som teiknar seg: Grovt forenkla ser det ut til at utgiftene blir lagt på Nærsjukehuset i Florø, medan inntektene blir ført på Sentralsjukehuset. Eit lite eksempel: For blodbanken er alle lønskostnader og sosiale kostnader lagt på Nærsjukehuset. Ingen av inntektene – om dei finst. Avskrivingane på bygget blir naturleg nok ført som rekneskapsmessig kostnad for Nærsjukehuset, men kapitaltilskotet som skal kompensere for dette, blir bokført som inntekt ved Sentralsjukehuset. Med slik rekneskapsførsel er det ikkje rart at ein får underskot i Florø.

Den ulukkelege sjukehusstriden i fylket har gjort at det er lett å bli mistenksam. Dei styrande i ymse samanhengar har gjennom åra lagt ned sengepostar ved det som eingong heitte Fylkessjukehuset i Florø. ­ Sjukehusdirektør Bolstad meiner som førgjengarane at nedlegging i Florø vil gjere susen. Det har fleire før han sagt med vekslande grunngjeving. Men det har aldri blitt noko å spare. Tvert om: Underskota har auka slike sikkert som sengepostane i Florø er blitt reduserte. Dei har førebels fått utsetting med balansekravet frå Helse Vest – som med heva augnebryn har retta skjerpa blikk mot nabofylket i nord.

Vi skal medgje at det ikkje er lett å vere Helse Førde. Det blæs nordavind med hagl frå alle kantar. Vi meiner likevel at det med vekslande mannskap er styrt på feil veg frå først på 1970-talet. Det famøse regjeringsdiktatet la opp til eit sjukehussystem som det ikkje er folkegrunnlag for i Sogn og Fjordane. Moderne medisin krev spesialisering ved nokre få og store universitetssjukehus. Alt det andre daglegdagse og traurige som eldrebølgja fører med seg, vil krevje nettopp slike føretak som Nærsjukehuset i Flora, sjukehusa på Eid og i Lærdal, Voss, Volda osv. Det vil vere heilt meiningslaust, grenselaust dyrt og lite menneskeleg å flytte på gammalt folk fram og attende frå Lærdal og Stad til eit halvspesialisert sjukehus som skal prøve å gjere alt. Det går ikkje.