Gå til sidens hovedinnhold

Husfred i sjukehussaka

Artikkelen er over 13 år gammel

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti heldt årsmøte sist helg, der fylkets heitaste potet, utviklinga av sjukehustenestene, betimeleg var skuva under teppet. Medan saker om dette og hint blei diskutert i sømmelege former frå talarstolen, pågjekk sjukehusdebatten i korridorane i pausen. Det skjer samtidig som at grasrotengasjementet i saka neppe har vore større, anten ein ser mot Flora, Eid, Lærdal eller Førde. Men medan partiveteranar melder seg ut i harnisk, og folk skriv lesarbrev i lokalavisene så tastatura knatrar, vel altså partiet å teie i hel saka. At Ap i staden lovar vårleg «rådslag» om saka i april, og held eit representanskapmøte i mellomtida, teiknar eit bilete av eit parti som prioriterer indremedisinsk stabilitet framfor å aktivt gripe ei sak som så mange er opptekne av. For kva kunne skjedd om debatten tok laust? Kunne det kome fram at fylkesleiinga har signalisert ting til Helse Førde som lokallag, inkludert Florø, ikkje har visst om? Kunne det gitt kjensletunge eller harmdirrande innlegg der ein kalla ein spade for ein spade? Og er ein så sikker på at ei «full utblåsing» på litt lengre sikt ville vere så skadeleg for partiet? Vi berre spør.

Politikk handlar om så mangt: Endringsvilje, gjennomføringskraft, nytenking og sjølvsagt taktikk og strategi. Men det handlar også om timing. Og den er særdeles dårleg utført i denne saka.

Kunne så lokallagsleiarar ha spelt opp saka på fylkesårsmøtet likevel? Sjølvsagt. Flora hadde lite å vinne på det, med Brustads ferske nedleggingsvedtak i sekken. Men kvar er Ap-folket på Eid? I Årdal og Lærdal? Trur dei resten av lokalsjukehusa er freda, og kjøper dei verkeleg Clara Øberg og Helse Førde sine påstandar om at «no som dei endeleg har fått på plass Florø-vedtaket, så kan dei kome i gang å gjere noko?»

Den medisinske utviklinga går fortare enn nokon gong, og pasientane sine krav til kvalitet aukar. Oppgåver som i dag ligg til Sentralsjukehuset, vil bli flytta til Bergen. Ansvarsområde som i dag ligg i Lærdal og på Eid, vil bli flytta til Førde. Og kva sit ein til slutt att med ved lokalsjukehusa? Det er eitt av fleire spørsmål Ap-folket kunne diskutert. Om dei hadde våga.