Helga då alt klaffa

Av

«Fjordsteam-helga provar at god merkevarebygging ikkje treng å koste millionar.»

DEL

BERRE 49 kr for alt på nett i 1 mnd.

Leiar Florø har lagt bak seg ei helg som kjem til å bli omsnakka i år framover. Den påstanden vågar vi, både ut frå eigne opplevingar av Fjordsteam, men også fordi redaksjonen har fått svært mange positive tilbakemeldingar på veteranbåtmønstringa. Skrytet kjem frå florøværingar, men også frå tilreisande, som er imponert både over arrangørane og byen vår. Med eit totalbudsjett på smålåtne 150.000 kroner for heile Fjordsteam, provar dette at god merkevarebygging slett ikkje treng å koste millionar, om gode krefter spelar på same lag og ikkje rir kjepphestar.

I fire dagar har det myldra av folk i Florø, og fellesnemnaren har vore smilande ansikt og folk som har senka skuldrene og berre gått rundt og kosa seg. Årsaka trur vi ligg i at arrangørane ikkje gjekk i den fella mange andre gjer, nemleg å leggje aktivitets- og prisnivået skyhøgt, slik at publikum må stresse frå ei hending til den neste - utan å få nyte opplevingane.

Tilstrøyminga av folk frå nabokommunane, inkludert Førde, viser også at den maritime historia i fjordfylket framleis står sterkt i folk sitt medvit. Det var spesielt å oppleve godt vaksne og hardbarka karar i sin beste alder, med tårer trillande nedover kjaken då «Stavenes» la til kai på Florevika torsdag ettermiddag.

Store suksessar skal ein vere varsam med å kopiere - i alle fall for tidleg. Men vi kryssar fingrane for at Atløys Venner alt no legg seg i selen for at Fjordsteam ein gong i framtida tek turen tilbake til Florø. Det bør ikkje skje om eitt, to eller tre år - men kanskje om fem eller ti? Om så skjer håpar vi også at andre maritime aktørar melder seg på og brukar den flotte arenaen. Det verkar smått underleg at i Fjord1 sin heimby er kystens store samferdsleaktør totalt usynleg på ei helg som denne. Ikkje så mykje som ein stand eller eit Fjord1-banner var å sjå i byen. I staden gjekk salsbodene tomme for «protestskjortene» som ønskjer det gamle Fylkesbaatane-flagget tilbake i mastene. No er ikkje flaggdebatten det som opptek oss mest. Men når ein får servert eit ferdig opplegg som Fjordsteam nærast på sin eigen kaikant, verkar det merkeleg å vere så totalt fråverande som Fjord1 var denne helga.

Artikkeltags