Gratulerer med dagen, Magne Føleide

Artikkelen er over 12 år gammel
DEL

Leiar Friidrettskjempa Magne Føleide feira 70-årsdagen i helga, med mykje folk, store ord og ope klubbhus.

Ingen har vel sett så store fotefar etter seg i den lokale idretten som Magne. Gjennom eit halvt hundre år har han inspirert og utfordra på nesten alle sider av idretten. Som trenar, leiar og aktiv. Først og fremst friidrett, kast og særleg sleggje, der han sjølv har fem NM-titlar og dominerte nasjonale resultatlister i 20 år.

Seinare også som veteran, med fleire medaljar frå veteran-VM. Persen på 63,58 meter ville stått seg bra i dag òg. Men også for dei fleste andre idrettar hadde han hjarte.

På mediesida hadde han òg ei solid hand. Firdaposten hadde gjennom fleire tiår gleda av å ha Føleide som fast medarbeidar og autoritet på friidrettstoff i avisa. Han såg tidleg at blest var viktig for å inspirere lokale ungdommar til vidare innsats.

Utan krafta til Føleide og det breie og internasjonale kontaktnettet hans, hadde det aldri blitt nokon tradisjon med internasjonale friidrettsstemne på Florø Stadion, eller særleg standard over friidrettsanlegga.

Stilen var gründeren sin, ofte improvisert, ikkje alltid utan motsetnader. Men seig, kraftfull og viljesterk.

Vi hugsar den spinkle starten då han saman med Jon Fjørtoft ordna eit Twin Otter-fly med lokale pressefolk og bunadskledde Florø-ambassadørar til Skottland og Irland for å settle landskamp i friidrett mellom Norge og dei britiske landa. Alle trudde avtalen var i orden, men det var den langt ifrå. Men på sjarmturen ordna alt seg. Her la Føleide grunnlaget for dagens Florø Internasjonale Fiidrettsfestival.

Til jubilanten: Vel overstått 70-årsfeiring. Vi veit at du har kjempa med helsa, men at du har viljen til å vinne den kampen òg.

«Ingen har sett så store far etter seg i den lokale idretten som Føleide»

Artikkeltags