Folkets dom

Av
Artikkelen er over 7 år gammel
DEL

Leiar 30 prosent ville røysta Høgre om det var val i Flora kommune i morgon. Det viste meiningsmålinga Firdaposten presenterte tysdag. Mange gjer det truleg på grunn av ein bestemt person: Jacob Nødseth.

Høgre sin framgang nasjonalt er naturlegvis ein del av forklaringa på partiet sin auke lokalt. Men det er neppe heile forklaringa. Om Høgre lokalt hadde vore eit stillteiande, anonymt parti, ville ikkje dei hatt ein så stor framgang. Men Høgre har ikkje vore særleg stillteiande. Langt derfrå.

Jacob Nødseth har markert seg som den verkeleg synlege opposisjonspolitikaren i Flora. Han er i krass opposisjon til alle, stundom sitt eige parti også. Men Nødseth er ikkje berre ein som skrik høgt. Han og Høgre har nemleg flagga dei rette sakene, til rett tid. Til ulikskap frå mange av dei andre partia.

Er mediadekninga heile årsaka til Høgre sin framgang? Partia som gjekk attende på Firdaposten si meiningsmåling, forklara tilbakegangen med at dei ikkje hadde fått flagga sin politikk nok i media. Berre dei i større grad fekk flagga sakene sine, så ville trenden snu, er omkvedet.

Vi trur dette i beste fall er ei halvsanning. Firdaposten skriv om dei fleste politiske sakene som blir lufta i det politiske landskapet i Flora. Men mange av sakene har ikkje festa seg hjå folk, dei har ikkje skapa debatt, til ulikskap frå Nødseth sine.

Kvifor? Politikk handlar nemleg om kva verdiar og saker som er viktige hjå veljarane. Det handlar om å flagge saker som utfordrar verdigrunnlaget deira. Og det let seg kvantifisere i veljarprosent: Fleire reagerer som Nødseth på eldreomsorga, færre engasjerer seg i småbedriftene sine kår. Det er slik eit representativt demokrati fungerer - på godt og vondt.

Men det er oftast den markerte opposisjonen som gjer det godt mellom vala. Men ikkje nødvendigvis på valdagen. Då handlar det ikkje lenger om lovnader, men om realisme. Det som må til for at Høgre skal halde på veljarane den 11. september 2011, er at Bengt Solheim-Olsen framstår som ein realistisk ordførarkandidat folk kan stole på. Dei må òg vise at sakene deira er realistiske med omsyn til kroner og øre. Og om dei er det, er totalen noko som veljarane liker? For politikk handlar om prioritering. Skal ei teneste rustast opp, må det skjerast ned ein annan stad. Det blir difor spennande å sjå kor Høgre vil kutte for mellom anna å få ei betre omsorgsteneste.

«Det blir spennande å sjå kvar Flora Høgre vil kutte for å byggje ei betre omsorgsteneste.»

Artikkeltags