Gå til sidens hovedinnhold

Elkems evige ressursar

Artikkelen er over 12 år gammel

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Vasskrafta er ein av Norge sine aller største, varige rikdommar. Oljen og gassen er nok størst i volum i vår generasjon, men det er forbigåande. Difor er vi blant dei som var imot at den elektriske krafta vart gjort til rein handelsvare og grunnlag for børsspekulasjon ved lovendringa på 1990-talet. Vi er også skeptiske til å bygge ut store mengder kraft til eksport – for nær sagt einkvar pris. Svært dyre høgspentlinjer og ditto sjøkablar må byggast, og med dagens kraftregime er det faktisk eksportøren som ber største kostnaden med å få krafta ut, i form av høgare nettleige. Resultatet er i alle fall jamt aukande kraftprisar, alternativt at det må takast over skatten, eventuelt kombinasjonar av dette.

Elkem har bode ut kraftverka sine i Svelgen til sals. Dette har skapt sterke reaksjonar i kommunen, men Orkla AS som Elkem er ein del av, ser inga mon i å sitte med dei når dei likevel går til heimfall om nokre år. Firdaposten har tidlegare vore innom temaet ved eit par-tre høve, men førebels har det vore svært så stilt om ei så stor og viktig sak. Kven kan kjøpe? Skal vi halde krafta på lokale hender, ser vi ingen andre reelle kjøparar enn Sogn og Fjordane Energi, eventuelt i ei deling med Elkem.

Bremanger kommune er dessverre i den ulukkelege stoda at dei har brukt framtidige kraftpengar til spekulasjon, lokka av utspekulerte seljarar. Heller ingen av dei andre «YFK-kommunane» som Flora, Vågsøy og Askvoll har økonomi til å kjøpe seg inn, endå det var det dei burde.

Vasskraft er det næraste ein kjem ein «evig ressurs». Produksjonskostnaden ved eit nedbetalt vasskraftverk ligg i dag truleg i underkant av fem øre pr. kilowattime. I det er irekna kapitalisering og vedlikehald av maskiner og anna utstyr. Det finst inga anna næring med tilsvarande, varig inntektspotensial.

Eit vasskraftfylke som Sogn og Fjordane har eksportert meir enn nok av varige verdiar som storsamfunnet i hovudsak har vinsten av. Vårt prinsipielle standpunkt er at krafta i hovudsak bør nyttast i det fylket og den regionen der den er skapt.