Eit byjubileum som peikar framover

Av
Artikkelen er over 8 år gammel
DEL

Leiar Den stormfulle nyttårshelga kulminerte andre nyttårsdag i ein eventyrleg flott vintersøndag der naturen presenterte seg som det aller vakraste julekort. Vi konstaterer at avgjerda om å utsetje jubileumsfyrverkeriet frå nyttårsaftan til denne klare og rolege vinterdagen, var ei klok avgjerd,

Fyrverkeriet sette eit flott og verdig punktum for eit vellykka jubileumsår. Jubileumsgeneral Edvin Helgheim og medspelarane hans lukkast til fulle med ei feiring som ikkje berre var konsentrert rundt sjølve bybursdagen den 16. mai.

Tanken om å la flest muleg i lokalsamfunnet bidra til å markere jubileet, førte til at vi fekk ein suksess som Fjordsteam første helga i august. Den festivalen viste at det er fullt muleg å lage ein stor folkefest utan både britiske superstjerner og Tande P. Nostalgisk interesse for veteranskip og bilar drog folk til Florø i hopetal og skapte ei ugløymande helg i kystbyen.

I desember fekk vi sjå eit anna døme på kor viktige eldsjeler og ressurpersonar i lokalmiljøet er for ei positiv utvikling. Då fekk initiativtakar Magne Hovland, Sigmund Frøyen og Jan Henrik Nygård i styret i stiftinga Sørstrand Folkepark ei gåve på 800 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen. Pengane skal gå til arbeidet med å etablere ei badestrand i folkeparken på Sørstrand i Florø.

Jon Gimmestad i Gjensidigestiftelsen poengterte at søknaden frå Sørstrand Folkepark var uvanleg god, og at lokalsamfunn på Vestlandet er i ein eigen divisjon på dugnad og å løfte i flokk.

Det har vi også sett meir av i jubileumsåret 2010. Florø by kan smykke seg med fleire nye skulpturar og fekk også ein eigen musikal og ein ny musikkpaviljong ved Likkjevatnet som gåve frå songkoret Jomentum.

Til sommaren får byen realisert endå ei jubileumsgåve når Monicha Landøy opnar sitt byakvarium i Strandgata. På toppen av alt kan fullføringa av utkikstårnet i Likkjeåsen setje eit fenomenalt punktum for jubileet. Eit jubileum prega år av folkeleg engasjement og felles løft. Det lovar godt for framtida.

«Det breie folkelege engasjementet for byjubileet viser kor mykje positive krefter vi nyt godt av»

Artikkeltags