Ein viktig Oslo-tur

Av
Artikkelen er over 12 år gammel
DEL

Leiar I går mønstra fagrørsla mannsterkt framfor Stortinget, for å leggje press på regjering og folkevalde i den viktige saka om eit nytt industrikraftregime.

Altfor lenge har den kraftintensive industrien i praksis segla utan kart og kompass når det gjeld kva framtidsutsikter dei har med omsyn til tilgang på ny kraft, få behalde den krafta dei har – og ikkje minst kva den skal koste.

Når dette er den avgjerande faktoren (og det einaste konkurransefortrinnet!) andsynes lågkostland, skulle det berre mangle om saka ikkje burde få politisk prioritet langt inn i regjeringskorridorane og på Stortinget.

Til liks med ein del andre viktige og «store» saker, som vil ha vesentleg betydning for framtidig sysselsetjing i vårt fylke, har så vidt vi har registrert, svært få av «våre» rikspolitikarar, engasjert seg eller profilert seg i saka. Eit heiderleg unnatak er Reidar Sandal, som ved fleire høve har prøvd å presse fortgang i prosessen med eit nytt industrikraftregime.

Det kan heller sjå ut som om fagrørsla, og då særleg dei kjemiske fagforeningane i Høyanger, Årdal og Svelgen må køyre kampen gjennom sine direkte linjer inn til Løvebakken.

Difor var det gledeleg å sjå at bak LO-leiar Roar Flåthen i går, stod mann- og kvinnesterke delegasjonar både frå Høyanger, Svelgen og Årdal. Eit sekstitals personar frå aluminiumsbygdene hadde tatt turen til Løvebakken, og godt over 20 svelgarar hadde gjort det same. Det er bra! Det viser at ein maktar å samle kreftene og krevje på vegner av meir enn ultralokale særinteresser. I ei tid der arbeidsløysa er ikkje-eksisterande, og sterke grupper stort sett snakkar som om vi lever av nisjematproduksjon og økoturist-guiding i Sogn og Fjordane, kan det vere ekstra vanskeleg å nå fram med den bodskapen Kjemisk-foreningane og LO serverte i går.

Vi sit for tida med fanget fullt av døme på at ingenting dalar gratis ned i fanget på Sogn og Fjordane. Med den erkjenninga friskt i mente, var det gledeleg å sjå oppmøtet på Løvebakken frå vårt fylke.

«Det er gledeleg at alle industribygdene kjende si besøkstid på Løvebakken.»

Artikkeltags