Farleg dårleg Kinn-klima

DEL

Meiningar– Vi er nøydde til å lære oss å framsnakke kvarandre og snakke positivt, sjølv om vi er ueinige.

Utsegna over fall frå Øyvind Reed under eit næringslivsmøte på Raudeberg nyleg. Reed, som leier verksemda Video Nor, peika på noko sentralt: Kinnprosjektet vil aldri kome godt ut på vegner av korkje innbyggjarar, offentleg tenestetilbod, eller lokale bedrifter, om vi skal halde fram den tonen som forgiftar samarbeidsklimaet for tida. Reed fryktar for samfunnet vårt si evne til å rekruttere kompetanse til næringsliv og andre viktige stillingar, om vi held fram med å krige, mistenkeleggjere, tilleggje kvarandre meiningar og spenne bein på kvarandre, slik ein ser i altfor stor grad når det gjeld forholdet mellom Vågsøy og Flora. Legg til ein dose Bremanger i midten, der Kinn-tilhengjarane sit musestille, medan motstandarane nører opp under frykta for det som skal kome, så er biletet komplett. Det er ikkje eit pent syn.

Nivået i diskusjonane rundt Kinn har nådd «Pappaen min er sterkare enn pappaen din»-stadiet.

No har vi nådd eit botnnivå i ordskiftet som liknar meir på «pappaen min er sterkare enn pappaen din»-kranglinga som ungar held på med opp til dei når skulealder. Hos oss ser denne haldninga til å stå sterkt også hjå dei godt vaksne, og særleg i Vågsøy. Debatten rundt tilsetjing av ny brannsjef i Kinn kommune er eit godt døme. Her blir administrative leiarar i Kinn avkledd all ære og tillit, mistenkeleggjorte og tillagt meiningar ein umogleg kan vite om dei har eller ikkje. Og det er ikkje kven som helst som gjer det, heller. Dei folkevalde deltek med stor iver, sist bak stengde dører på kommunehuset, der dei diskuterte «rykte» rundt tilsetjingssaka.

Skal vi halde fram slik, så er det ikkje lenge før Øyvind Reed er sannspådd. Kven vil pakke sekken og flytte inn i eit kvepsebol, om jobben i Kinn er aldri så spennande? Det motsette er no ferd med å skje. Firdaposten veit at ein av dei mest spennande teknologibedriftene våre vurderer å leggje ned og satse ute. Grunnen? Dei får ikkje folk til å ville bu og leve på kysten av Sogn og Fjordane, sjølv i den desidert største kommunen. Der har ein problemstillingar som burde engasjere patriotar både i Måløy og Florø, om dei klarte å skifte fokus.

Kanskje floraværingar som verkar å bry seg fint lite om Kinn-prosjektet skal vakne opp litt? Så kan dei mest hissige og skeptiske vågsøyværingane samtidig roe ned eit par hakk. Harmonisering, kallar ein slikt. Det har ein tendens til å vere av det gode.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags