Lokalt nytt står seg godt

DEL

MeiningarI dag kjem den første onsdagsutgåva av Firdaposten. Lokalavisa for Flora og Bremanger gjer denne veka som så mange andre norske lokalaviser for tida: Endrar frekvens på papir, for å frigjere ressursar til å lage meir innhald på digitale flater. Frå og med denne veka, vil vil kome ut på papir to gonger i veka, på onsdagar og fredagar – og med fyldigare aviser.

Dei siste månadene har Firdaposten vore gjester hos ulike seniorforeiningar og pensjonistlag i dekningsområdet vårt. Her har vi presentert endringane som kjem, og kva produkt vi kan tilby på digitale flater som pc, nettbrett og mobil. Det har vore ein svært oppmuntrande rundtur for oss, med mange gode samtalar med lesarane våre. Vi har diskutert lokalaviser og framtida, kva innhald vi bør satse på – og kva den enkelte lesar må bidra med av kunnskap og eigeninnsats for også i framtida å vere nyheitskonsument på digitale plattformer.

Tilbakemeldingane har stort sett vore positive. Lesarane våre forstår kvifor vi må endre oss i takt med utviklinga som skjer rundt oss. Men mange seier også at dei ønskjer papiravisa eit langt liv vidare. Og slik vil det også bli. Totalen, gitt at ein tek seg jobben med å registrere seg som digital brukar, vil uansett vere positiv: Vi i Firdaposten vil få frigjort meir tid til å skrive lokale nyhende – og du som lesar vil få meir lokalstoff for pengane.

Kvifor ikkje halde fram som før, spør enkelte. Svaret på det er samansett. For det første har abonnentane våre for lenge sidan flytta mykje av leseaktiviteten sin over på nett og mobil. For det andre er det å få distribuert avisa ut i postkassane blitt meir og meir utfordrande. Og verre vil det bli om få år, om Posten får det som dei vil. For det tredje byr dei digitale løysingane på moglegheiter papiret aldri kan matche, anten det handlar om å sende levande bilete til deg, presentere flotte bildeseriar frå ulike arrangement – og ikkje minst å få nyheitene ut til deg der du er, når det skjer.

Men nettet handlar ikkje berre om å sjå framover. Den nye teknologien gjer til at vi i frå i dag av kan tilby deg som abonnent, gratis tilgang til eit nytt, søkbart arkiv som går heilt tilbake til Firdaposten sin spede start i desember 1948. Vi håpar du vil trivast med «Nye Firdaposten». Og hugs: Dei viktigaste nyheitene i verda skjer der du bur.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags