Breivika ute – kva no?

Av
Artikkelen er over 11 år gammel
DEL

Leiar Breivika II er ute av kommuneplanen som småbåthamn. På Florø Båtforening sine lister er det oppført rundt hundre som manglar ein stad å legge båten. Den reelle trongen er truleg det doble. Ei framskriving av kommuneplanen viser at det kan mangle mellom vel 200 og 400–500 båtplassar innan 2020. Det er berre 13 år til. Kvar skal alle desse kome?

Brandsøy og Florelandet har den utan samanlikning tettaste konsentrasjonen av fritidsbåtar i fylket. Vi må også rekne med at dette området vil vere attraktivt for småbåtinteresserte frå indre delar av Sunnfjord. Nokre av dei organiserte hamnane kan utvidast, men ikkje slik at det føreslår i den store samanhengen. Vi trur at presset mot Havikbotnen vil auke i tida framover. Dei som sit med ansvaret i Florø Båtforening peikar også i den retninga. Ein stad må båtane ligge. Å vente på veg til Rota og utvikling av småbåthamner der, er ikkje realistisk politikk for dei næraste åra.

Presset mot Havikbotnen ser vi også som ei følgje av at hamna i søre Gunhildvågen ikkje fekk utvide på grunn av flyplassen. Keilevågen er grunn og har ei trong innsegling, og vi ser ikkje den som særleg realistisk. Vi trur heller ikkje den vil vere mindre konfliktfylt enn andre alternativ som kan vere aktuelle. Private aktørar kan dukke opp med alternativ som vi ikkje ser i dag, men neppe i eit omfang som er i nærleiken av å dekke trongen. Altså er vi tilbake i Havikbotnen, men ein kan ikkje fylle heile vågen med flytebrygger og båtar. Der er også andre omsyn å ta. Difor trur vi at Gunhildvågen må på bana igjen. Med full utnytting har den nordvestre delen (aust for Ewos) potensial til å ta ein stor del av trongen vi veit om i dag. Vansken kan vere at alt landarealet ligg i privat eige. Men dette gjeld også andre aktuelle område.

Der er også eit anna element: Mangel fører til prispress. Dei mest ekstreme eksempla her til lands finn vi i Oslo der det er bode 400 000–500 000 kroner for ein båtplass. Også i Flora har vi i mindre målestokk sett ei slik utvikling. Då kan ein vanleg båtplass bli uoppnåeleg for folk flest. Og det var i alle fall ikkje meininga med den sosiale hamneutbygginga i regi av Florø Båtforening. Også av den grunn hastar det med å finne gode alternativ.

«Gunhildvågen må på bana igjen»

Artikkeltags