Gå til sidens hovedinnhold

Best for Helse Vest – eller folk flest?

Artikkelen er over 13 år gammel

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Helsestatsråden, Helse Vest og Helse Førde har fått viljen sin, og det går snart mot ei nedlegging av sengeposten ved Nærsjukehuset i Florø. Med ein fråverande stat, ein lunken Bremanger kommune og eit Helse Førde som ikkje makta å prøve ut potensialet, kan ein i etterpåklokapens lys seie at Nærsjukehusmodellen var død i utgangspunktet. Potensialet som opplagt ligg i å samordne kommunehelsetenester med enkle, effektive sjukehustilbod retta mot definerte pasientgrupper, vil ein no aldri få kartlagt – i alle fall ikkje i vårt fylke.

I Florø er ein tilbake til utgangspunktet, då Firdaposten på leiarplass i fjor tok til orde for at ein burde sleppe ein privat aktør til i sjukehuslokala. Flora Høyre plukka opp hansken rundt årsskiftet, og danske Transmedica har synt konkret interesse for å opne ein klinikk for fedmeoperasjonar i Florø. Det provoserer når leiinga i Helse Vest no stiller seg lunkne til danskane. Årsaka er opplagt: Helse Vest har framleis tru på fedmeoperasjonar som ei framtidig inntektskjelde. Då kan det vere greit å halde opp resultata deira så langt. Etter å ha hatt dette som satsingsområde i fleire år, makta Sentralsjukehuset og Helse Førde å operere litt over to pasientar i månaden i fjor. Samtidig har ventelistene for pasientgruppa auka dramatisk over heile landet.

Helse Førde er i ferd med å miste miste eineansvaret for slike operasjonar i Helse Vest, eit ansvar dei har hatt i seks år. No er både Haugesund og Stavanger i ferd med å byggje opp operasjonstilbod. Mykje tyder likevel på at marknaden langt frå vil vere metta, og at denne livsstilsjukdomen vil vere ei stor utfordring i åra som kjem.

Då er det betimeleg å spørje om ikkje Helse Førde sitt framtidige tilbod og posisjon faktisk kunne styrkjast gjennom at ein privat aktør slepp til i området deira. Eller er Helse Vest, til liks med Forsvaret i redningshelikoptersaka, livredde for å få synleggjort at ein privataktør gjer jobben billegare og betre? Med over 400 på venteliste berre på Vestlandet, er det i alle fall ikkje pasientane sitt beste Helse Vest legg til grunn viss dei seier nei til Transmedica i Florø.