Gå til sidens hovedinnhold

Ambulanse-utspel til undring

Artikkelen er over 10 år gammel

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Fylkeslege Petter Øgar er uroa over måten ambulansekapasiteten i fylket blir utnytta på. Øgar meiner fylket har ei «Rolls-Royce»-løysing, der kostbart utstyr og kostbar kompetanse ikkje kjem godt nok til nytte, fordi for mange ambulansar står i beredskap i for grisgrendte strøk. Det gjer at personellet har for få oppdrag - og i alle fall for få oppdrag der utstyr og personell får prøvd seg på krevjande oppdrag ofte nok. Ikkje uventa ønskjer fylkeslegen ein debatt om tenesta bør sentraliserast. I praksis vil det bety Førde.

Timinga i utspelet verkar noko underleg, på fleire måtar. I ei tid der ein knapt kan ferdast i luftrommet, anten det gjeld fly eller helikopter, handlar det om å ferdast landevegen. Og skal ein først rykke ut for å hente pasienten, for så å køyre han eller ho tilbake til Førde, må det nødvendigvis ta meir tid. At denne tida kan vere ein kritisk faktor i visse situasjonar, er vel udiskutabelt.

Likevel er det timinga opp mot strukturdebatten rundt sjukehusa som er mest underleg ved utspelet. Heile tanken med å sentralisere føde- og akuttfunksjonar til Førde og gjere lokalsjukehus om til lokalmedisinske senter, er dels motivert og forsvart med at ein skal ha eit solid og godt desentralisert tilbod på ambulansefronten. Når fylkeslegen argumenterer som han gjer, så er det eit bilete på at fagfolk innan dei fleste felt, ikkje berre helse, til tider går seg blind i fagmaterien. Ein misser brukaren av syne, til fordel for fagpersonen som skal yte tenesta. I mange tilfelle der ein stiller spørsmål om kompetansen knytt til eit teneste er god, burde ein heller spørje: Er den god nok? I mange tilfelle vil svaret frå brukaren vere ja på det siste spørsmålet. I det svaret frå brukaren vil følgjande premiss liggje i botn: Det er viktigare å få rask hjelp, enn at vedkomande hjelpar kan endå meir, men kjem to timar seinare.

Den medisinskfaglege utviklinga går raskare enn nokon gong, og er på mange vis årsaka til dagens sjukehusdebatt. Når den no smittar over på ambulansetenesta, ser ein verkeleg paradokset: For at ambulansepersonellet skal halde seg flinke nok, må dei ha base der kompetansen sit. Ikkje der den sjuke bur.