Det var i førre veke det blei meldt at politiet hadde kontrollert eit skip i Florø og meinte dei hadde funne så mange som 31 personar utan arbeidsløyve. Desse kom frå land utanfor EU. Men reiarlaget PGS meinte dei hadde sitt på det tørre, då dei hevda at båten det var snakk om, Ramform Victoria, er i drift.
Om båten er i drift eller ligg i opplag, er nemlig kjernen i spørsmålet om mannskapet har arbeidsløyve eller ei.
– Vi er sterkt ueinige i politiets påstand om at båten er i opplag. Den er i operasjon, og vi meiner at vi har dei løyva vi treng for å gjere det vi gjer, sa kommunikasjonsdirektør i Petroleum Geo-Services, PGS, Bård Stenberg, til Bergens Tidende.
Han viste til at «Ramform Victoria» blei teken ut av opplag i samband med at selskapet landa ein stor kontrakt i Brasil i desember i fjor. Den ligg no i Florø for å gjere dei siste førebuande arbeida før dette oppdraget startar.
No har politiet altså lagt vekk sakene mot mannskapet. I ei pressemelding skriv politiet at dei har vore i dialog med reiarlaget, og at reiarlaget har gitt ei skriftleg utgreiing som «gir grunnlag for å konkludere med at samtlege av skipets mannskap kjem inn under dei aktuelle unntaksbestemmingane i lova.»
Dermed blir både sakene mot mannskapet og saka mot reiarlaget lagt vekk, då det ikkje ligg føre brot på regelverket.