Lege er smitta av farleg bakterie – Helse Førde droppa å teste han

LEGE VART IKKJE TESTA: Ein lege som kom frå Sør-europa til ein fast jobb som overlege ved Førde sentralsjukehus vart ikkje testa for MRSA før han begynte i jobben. Ein test ei veke seinare viste at han var smitta.

LEGE VART IKKJE TESTA: Ein lege som kom frå Sør-europa til ein fast jobb som overlege ved Førde sentralsjukehus vart ikkje testa for MRSA før han begynte i jobben. Ein test ei veke seinare viste at han var smitta. Foto:

Ein lege frå Sør-Europa jobba for Helse Førde med MRSA-bakterien. No må nær 40 pasientar testast.

DEL

(Firda) Legen kom for få veker sidan til Førde sentralsjukehus skriv NRK Vestland.

MRSA er bakteriar som ikkje vanleg antibiotika verkar på. Helsepersonell som har vore på sjukehus i utlandet skal bli testa for denne bakterien før dei kjem på jobb.

Det vart altså ikkje legen som kom til Førde sentralsjukehus. Han har fått fast tilsetting som overlege på sjukehuset.

– Vi kan ikkje anna enn å beklage og jobbe for å unngå slike feil i framtida, seier Laila Haugland, avdelingssjef ved medisinsk avdeling i Helse Førde til NRK Vestland.

39 skal testast

MRSA -testen av legen vart først teken etter at han hadde vore i kontakt med pasientar i ei veke.

Han har hatt kontakt med 39 pasientar ved poliklinikken. Dei som er innlagde på sjukehuset si medisinske avdeling har ikkje legen vore i kontakt med.

Førebels har ikkje Helse Førde svar på kvifor legen ikkje vart testa slik han skulle ha vore.

– Då vi oppdaga dette tok vi han ut av arbeid. Alle pasientane har fått informasjon om kva som har skjedd og skal bli testa i løpet av komande veke, seier Haugland til NRK.

– Rutinesvikt

NRK har også vore i kontakt med professor i infeksjonsmedisin Dag Berlid. Han seier at han ikkje kan hugse å ha høyrt noko liknande.

– Dette er rutinesvikt. MRSA kan gi blodforgifting og sårinfeksjonar. Når bakteriane er resistente er dei vanskelege å behandle, og prognosane for å bli frisk er dårlegare.

Berlid seier til NRK at han meiner Helse Førde må stramme opp rutinane.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken