– Ledelinjer er eit godt hjelpemiddel for alle

Denne veka har Blindeforbundet si årvisse «aksjonsveke» der forbundet set fokus på viktige saker for blinde og svaksynte i samfunnet. I år er tema ledelinjer og universell utforming.

DEL

Riktig utforma ledelinjer, som er taktile (følbare) og visuelt godt synlige, styrkar framkommeligheita for synshemma og alle andre. Ei forutsetning for at vi kan bruke ledelinjene utan problem er at det ikkje står noen hindringer på dei, som syklar og butikkskilt. Slik kan vi alle komme trygt fram.

Det er ikkje berre svaksynte og blinde som synes ledelinjer er nyttige for å finne fram. Ei fersk undersøking utført av Opinion for Norges Blindeforbund viser til dømes at 50% av sjåande nyttar farga ledelinje på golvet på sjukehus for å finne fram til dit ein skal.

- Ledelinjer er viktig for at mange synshemma skal kunne orientere seg, det er gledeleg at hjelpemiddelet også viser seg å være positivt for andre og, seier Martin Malkenes, dagleg leiar Blindeforbundet Sogn og Fjordane.

På offentlige stader og i offentlige bygg er det krav om universell utforming. Det vil seie at omgjevnadene skal utformast på ein slik måte at den kan brukast av alle, uten behov for individuell tilpasning. Med andre ord må det være ledelinjer der folk ferdast.

- Mange stader er dette ikkje tilfellet, dessverre. Og det er jo grunnen til at vi tek opp tema i aksjonsveka. Vi oppmodar kommunar, helsetenester og andre om å gjere ei ekstra vurdering når dei set i gang tiltak som er meint for publikum. Blindeforbundet stiller meir enn gjerne med innspel og kompetanse, seier Malkenes.

I undersøkinga seier nesten to av tre synshemma at dei har opplevd å vere på stader der det burde vore ledelinjer, men ikkje er det. Det gjelder for eksempel på vei inn mot bygningar, til heisar og resepsjonar, på åpne plassar, torg og haldeplassar.

- I åra som kjem vil andelen eldre i samfunnet auke betrakteleg. Dermed vil og andelen i befolkninga med aldersrelaterte synsutfordringar auke. Då er det viktig med god tilrettelegging og universell utforming der folk ferdast, påpeikar Malkenes.

I undersøkinga til Opinion stilte ein og spørsmål om kvar det ville være til hjelp at det vert lagt ledelinjer. Dei fem stadene flest svarte er:

1. På sjukehus (50%)

2. På flyplassar (45%)

3. Til perronger og holdeplassar (33%)

4. Fram til utgangs-/inngangsdør (29%)

5. Stader for å finne informasjon (29%)



Artikkeltags