Låve og naust brann ned i Sogn

Fredag morgon jobba brannvesenet med å hindre ytterlegare spreiing.

DEL

Politiet blei først varsla i halv fire-tida natt til fredag om at det brann i eit naust i Undredal i Sogn. Deretter spreidde brannen seg til ein låve og fleire trebåtar som låg på land. Det skal vere skadar på to av dei, pluss eit uthus.

Ingen har komme til skade i brannen, melder NRK Vestland.

Artikkeltags