Trefte dama på jobben

Vegard Førde lavik.

Vegard Førde lavik. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel
DEL

AproposDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. VEGARD FØRDE LAVIK

Aktuell: Flytta med familien frå Bergen og heim att til Florø då han fekk jobb på Teekay Petrojarl på Fjord Base.

Alder: 31

Sivilstand: Sambuar, ei dotter.

Yrke: Prosessingeniør.

--------------------------------------------------------------------

Kvifor ville de til Florø?

– Eigentleg for å få meir ut av kvardagen og bli meir fleksible. Det hjelp at dottera vår har besteforeldre i Florø.

Tre ord om deg sjølv?

– Eg er snill, tolmodig og ein god pappa.

Kva eller kven er du mest stolt av?

– Eg er aller mest stolt av dottera mi (2 år i oktober) og kjærasten min.

Korleis trefte de kvarandre?

– På Mongstad på jobb. Vi er begge ingeniørar, og vi jobba i same avdeling.

Kva er heime for deg?

– Det må vere i sofaen framfor tv-en med fotballen på. Med Aina på kjøkkenet ...

Har du noko du likar godt å gjere, som eigentleg er litt flautt?

– Eg var på ei fotbehandling ein gong. Det syntest eg var veldig bra. Eg ser ikkje vekk frå at det vil gjenta seg, men eg snakkar ikkje så høgt om det.

Kven styrer dagen din?

– Samvitet mitt.

Kva er det skumlaste du har opplevd?

– Det må vere då GPS-en leia oss på villspor inn i gettoen i Sør-Afrika under fotball-VM i 2010. Vi køyrde mellom blikkboksar og geiter, og vi var veldig nervøse.

Kva er mest undervurdert ved Flora og Bremanger?

– Eg har vore vekke ei stund og må oppdage perlene på nytt. Det er det vi skal finne ut av.

Er du ein patriot?

– Eg er stolt over å kome frå Florø, og eg er stolt av byen min, men patriot? Det finst gradar av patriotisme, og eg ligg vel sånn omtrent midt på treet.

Kva står på lista di over ting du vil gjere i løpet av livet?

– Først skal vi bygge hus, så står ein bil og kanskje eit giftarmål på lista.

Kva er ditt skjulte talent?

– Eg vann nettopp ein VM-tippekonkurranse, sjølv om eg var «underdog». Kanskje det er eit skjult talent?

Kven ønskjer du som ordførar etter valet neste haust?

– No har eg ikkje sett meg så godt inn i partiprogramma, men eg trur at eg kjem til å støtte den som har dei beste løysingane for industrivekst i Flora.

Kva er kallenamnet ditt?

– Varg. Eg laga det sjølv for å bruke det i eit chatteprogram. Det starta altså som eit nick på nettet.

Kven ville du hatt med deg på ei aude øy utanom familien?

– Det må vere Florøbrølet. Kompisgjengen.

Kva for kommune/ kommunar bør Flora slå seg saman med?

– Eg trur at det er mest fornuftig å slå saman kystkommunane. Vi har mest til felles.

Kva meiner du gir status i dagens samfunn?

– Sjå bra ut på Facebook.

Kva er det beste du veit?

– Øl og fotball, eller pannekaker til frukost.

Kva er tittelen på boka om ditt liv?

«Ikkje noko styr».

"Først skal vi bygge hus, så står ein bil og kanskje eit giftarmål på lista."

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken