Syng med stemma han har

Sveinung Reksten

Sveinung Reksten Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel
DEL

SVEINUNG REKSTEN

Aktuell: Ein typisk motstraumsmann som saman med kona driv småbruk på øya Ålvora i Flora og arbeider i tillegg som handverkar på Kystmuseet.

Alder: 57 år.

Sivilstatus: Gift med Berit Reksten.

Adresse: Ålvora.

Yrke: Handverkar og gardbrukar.

Tre ord om deg sjølv?

Roleg, sindig og engasjert.

Kven er du mest stolt av?

Kona, som vart med meg og flytta til Ålvora.

Kva er heime for deg?

Ålvora. Det har det vore sidan 1994.

Har du noko du likar godt å gjere, som eigentleg er litt flaut?

Når eg er åleine så syng eg for meg sjølv. Men når det er andre til stades, så oppdagar eg at eg eigentleg ikkje har songstemme.

Du er redaktør for ein dag: Kva står på framsida?

Gladnytt- lokale ungar som har utmerkt seg innan kultur eller idrett.

Kven styrer dagen din?

Døgnet er styrt av jobben min og rytma på livet på gard, med fôring, lamming og anna gardsarbeid.

Kven har mest makt i Flora/Bremanger?

Trur det må vere industrileiarane. Dei bestemmer i praksis mykje i politikken, utan at det nødvendigvis alltid er feil. Vi må berre vere obs på det.

Kva er det skumlaste du har opplevd?

Då eg som bitte liten kraup feil veg inn i ein sovepose. Det var ei klaustrofobisk fæl oppleving. Eg har ikkje vore plaga med det som vaksen, kanskje fordi eg greidde å bearbeide det som ung i militæret mellom anna. Då var eg med på mange øvingar som utfordra klaustrofobi-følelsen inne i branntankar og tronge rom.

Kva gjer deg forbanna?

Urettferd. Alt frå små daglegdagse ting til politiske situasjonar- som til dømes på Gaza-stripa i dag.

Er du patriot?

Ja – både på vegner av landet og lokalt. Likar godt å reise. Då ser vi kor godt vi har det heime.

Kva er mest undervurdert i heimkommunen din?

All den fantastiske dugnadsinnsatsen- både i små lokalsamfunn og i byen.

Kven vil du ha til ordførar?

Det må bli ein Ap-ordførar ved neste korsveg.

Kven ville du hatt med på ei aude øy utanom familien?

Per Fuggeli ville har vore ein interessant samtalepartnar.

Kva kommunar bør Flora slå seg saman med?

Eit godt val vil vere å lage ein stor og slagkraftig Sunnfjord-kommune. I? tillegg så høyrer vi naturleg saman med delar av Bremanger.

Kva gir status i dagens samfunn?

Det er manger ting- men eg har ikkje noko materialistisk forhold til status. For meg er det meir verdt å ha ein slags fridom i livet. Brukar ikkje energi på statusjag.

Kva er det beste du veit?

Betasuppe- er alltid godt. Medkaldt godt vatn til.

Kva serverer du gjerne?

Grillmat er godt om sommaren- med god vin eller kald pils. Sjølv likar eg godt raudvin.

Kva er tittelen på boka om ditt liv?

Optimisten.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken