«Mannen er gal»

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel
DEL

Aktuell: Ei frisk sjel som sjeldan legg noko i mellom og snakkar rett frå levra. Har alltid mange jern i ilden og er ein av fargeklattane i bybildet.

Alder: 43 år.

Sivilstatus: Sambuar med Ida Sørdal.

Adresse: Stavang.

Yrke: Dagleg leiar ved Eurospar Krokane.

Tre ord om deg sjølv?

– Arbeidsvillig, omgjengeleg og drikkesugen.

Kva eller kven er du mest stolt av?

– Det må vere kjerringa mi. Ho orkar å vere i lag med meg og er tolmodig når eg fer av garde på jobb. Eg er alltid ein halvtimes time for sein, så ho er rett og slett eit veldig bra menneske som orkar å halde følge med meg.

Kva er heime for deg?

– Heime for meg det må vere å sitje i Norges perle Stavang City med ein kald ein på altanen og sjå på flatt hav heilt ut til Ytterøyane.

Du er redaktør for ein dag: Kva står på framsida?

– Når Brann har rykka ned i 1. divisjon og Florø har rykka opp til 1. divisjon: «Florø-Brann spelar 16. mai-kamp på Florø Stadion og Eurospar spunsar 1000 liter med sjokomjølk til Florø Fotball».

Kven styrer dagen din?

– Eurospar Krokane.

Kva er det skumlaste du har opplevd?

– Når eg hoppa i eit jordkvepsebol i 1982 på epleslang. Det er kanskje ikkje det skumlaste, men det desidert jævligaste.

Kva gjer deg forbanna?

– Det er mykje. Når ein les om folk som er stygge med ungar og dyreplageri, då blir eg forbanna.

Kva er mest undervurdert ved Flora/ Bremanger?

– Sjøen, naturen og folka. Det er berre å sjå kva vi har hatt i sommar av sol og sommar. Det har aldri vore så mykje båtar i bassenget her i Stavang før. Folk har kost ræva av seg, vi har ein fantastisk natur her i kommunen vår.

Er du patriot?

–Eg er ein ekte florøpatriot.

Kva står på lista di over ting du vil gjere i løpet av livet?

– Eg har eit mål om å slanke meg. Eg er litt usikker på om eg tør å slanke meg under 116 kilo for då må eg vel hoppe i fallskjerm og det er ikkje eit tema.

Kva er ditt skjulte talent?

–Arbeidsvilligheten, frivilligheten og kanskje det at eg er ein liten hobbykokk.

Kven ønskjer du som ordførar etter valet neste haust?

– Det blir Steinar Svardal med Ander Haave som vara.

Kva er ditt kallenamn?

– Tittentei.

Kven ville du hatt med deg på ei aude øy utanom familien?

– Dei tilsette ved Eurospar krokane for eg er utruleg glad i dei.

Kva for kommune bør Flora slå seg saman med?

– Vi burde no klart oss sjølv her i kommunen. Men eg har ein sogning her på altanen som meiner vi burde slått oss i lag med Sogndal.

Kva meiner du gir status i dagens samfunn?

– God helse og eit ungt sinn.

Kva er det beste du veit?

– Å stå opp om morgonen og gå på jobb og gjer det eg kan. For så å reise heim att, ete ein god middag og sette meg på altanen.

Kva er tittelen på boka om ditt liv?

– «Mannen er gal» eller «Brann til eg dør».

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken